Adhan
Adhān (arabisk أَذَان, [ʔæˈðæːn]), også uttalt azan og ezan, er bønekallet i islam. Det blir resitert av ein muezzin til dei fem føreskrivne tidebønene kvar dag. I nyare tid kan ein også bruka tekniske hjelpemiddel til adhan.
Ordsoge
endreRota til ordet er ʼḏn أَذَن, som betyr 'tillate'. Ei anna avleiing av dette ordet er udun, som betyr 'øyre'.
Framføring
endreAdhan blir resitert eller sunge av ein muezzin frå ein moské, tradisjonelt frå ein høg minaret. Under framføringa pleier muslimar repetera orda stille, bortsett frå når muezzinen ber dei skunda seg til bøn og velgjere (ḥayya ʿala ṣ-ṣalāh og ḥayya ʿala l-falāḥ). Då er det stille svaret lā hawla wa lā quwata illā billāh ('der er ingen makt eller styrke utanom frå Gud').
Tekst
endreTeksten til adhan varierer noko mellom ulike tradisjonar.
Resitasjon | Arabisk | Transliterasjon | Omsetjing[5] |
---|---|---|---|
2x | الله أكبر,الله أكبر | Allāhu akbar, Allāhu akbar | Gud er størst, Gud er størst |
2x | أشهد أن لا اله إلا الله | Ash-hadu an-lā ilāha illā allāh | Eg vitnar om at der er ingen gud utanom Gud |
2x | أشهد أن محمدا رسول الله | Ash-hadu anna Muḥammadan-Rasulullāh | Eg vitnar om at Muhammed er sendemannen til Gud |
2x | حي على الصلاة | Ḥayya ʿala ṣ-ṣalāt | Skunda deg til bøn |
2x | حي على الفلاح | Ḥayya ʿala 'l-falāḥ | Skunda deg til velgjere |
2x | الله أكبر | Allāhu akbar | Gud er størst |
1x | لا إله إلا الله | Lā ilāha illā-Allāh | Der er ingen gud utanom Gud. 3 |
Linja «bøn er betre enn søvn» blir brukt ved morgonbøna.
Resitasjon | Arabisk | Transliterasjon | Omsetjing[7] |
---|---|---|---|
4x | الله اكبر | Allāhu akbar | Gud er størst |
2x | اشهد ان لا اله الا الله | Ash-hadu an-lā ilāha illā llāh | Eg vitnar om at der er ingen gud utanom Gud |
2x | اشهد ان محمدا رسول الله | Ash-hadu anna Muḥammadan-Rasulullāh | Eg vitnar om at Muhammed er sendemannen til Gud |
2x1 | اشهد ان عليا ولي الله | Ash-hadu anna Alīyan walī-ullāh | Eg vitnar om at Ali er vernaren til Gud. |
2x | حي على الصلاة | Ḥayya ʿala ṣ-ṣalāh | Skund deg til bøn |
2x | حي على الفلاح | Ḥayya ʿalal-falāḥ | Skund deg til velgjere |
2x | حي على خير العمل | Ḥayya ʿala khayr al ʿamal | Tida for den beste av gjerningar er komen! |
2x | الله اكبر | Allāhu akbar | Gud er størst |
2x | لا اله الا الله | Lā ilāha illā llāh | Der er ingen gud utanom Gud. |
Moderne hjelpemiddel
endreI moderne tid kan muezzinen bruka mikrofon og høgtalarar som ofte er festa høgt i minareten. Bøneropet kan også kringkastast.[8]
Muslimar kan også bruka klokker og appar som er innstilt til dei fem bønetidene der dei er. Tidene blir gjerne rekna ut automatisk om ein stiller inn dato, by og klokkeslett.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Sahih Bukhari 89.329 Arkivert 2008-12-04 ved Wayback Machine.
- ↑ 2,0 2,1 Sahih Muslim : Book 020: Number 4477, 4478, 4480, 4481, 4482, 4483 Arkivert 2011-08-20 ved Wayback Machine.
- ↑ 3,0 3,1 Sunan Abu Dawood : Book 36: Number 4266 Arkivert 2011-08-06 ved Wayback Machine.
- ↑ 4,0 4,1 Sunan al-Tirmidhi (Arabic)
Chapter of Fitan,
2:45 (India) and 4:501 Tradition # 2225 (Egypt)
Hadith #2149 (numbering of al-'Alamiyyah) Oppgjeve av Engelsk Wikipedia. - ↑ Byggjer på engelsk omsetjing ved Engelsk Wikipedia.
- ↑ Quran : Surah Sajda: Ayah 24-25 Arkivert 2018-04-27 ved Wayback Machine.. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- ↑ Adapted from: Adhan and Iqamah Arkivert 2011-07-20 ved Wayback Machine.
- ↑ azaan.co.uk Arkivert 2014-03-10 ved Wayback Machine.; «Tunisia resumes Adhan broadcasting», presstv.ir; «Channel 4 to broadcast Call to Prayer during Ramadan», channel4.com
- islam-torget.no Arkivert 2014-03-10 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Adhan» frå Wikipedia på bokmål, og «Adhan» frå Wikipedia på svensk den 10. mars 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Adhan» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2014.