Adolf Thomsen
Adolf Thomsen (10. juli 1852–24. juli 1903) var ein norsk komponist og musikar.
Adolf Thomsen | |||
| |||
Fødd | 10. juli 1852 | ||
---|---|---|---|
Død | 24. juli 1903 (51 år) | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | orgel | ||
Verka som | musikar, komponist |
Adolf Thomsen vart fødd i Bergen, men han voks opp i Tromsø og var frå 1883 organist i Tromsø domkyrkje. Han vart kjend med Edvard Grieg og fleire av verka hans er dedikerte til Grieg. Han er mest kjend før melodien til «Barndomsminne frå Nordland» (Å eg veit meg eit land) med tekst av Elias Blix, som ofte vert kalla «Nord-Noregs nasjonalsong».
Thomsen og kona Lorentze Em. fekk tre døtrer: Alvhild, Frida og Ingrid, og to søner: Einar og Sigvald.
Ein byste av Thomsen står i Kirkeparken i Tromsø. Den vart laga av Trygve Thorsen i 1946.
Verk
endre- Barndomsminne frå Nordland - 1901 [1][daud lenkje]
- Gud signe vårt dyre fedreland
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Adolf Thomsen» frå Wikipedia på bokmål, den 20. desember 2009.
Bakgrunnsstoff
endre- Mer om Adolf Thomsen på slektsdata.no