Moskusurt
Moskusurt (Adoxa moschatellina) er ei plante i moskusurtslekta i moskusurtfamilien. Ho er ei sped, liten blomsterplante. Sjølve planta har ei svak, litt parfymert lukt medan blomstrane luktar litt rote. Desse er gulgrøne, sit i eit aks og inneheld nektar. Akset har ein toppblomster og oftast fire krosstelde blomstrar. Moskusurt vert pollinert av insekt, ofte fluger. Veksten spreier seg òg vegetativt. Fruktene er ripsstore, kvitaktige steinfrukter.
Moskusurt | |
Moskusurt | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Dipsacales |
Familie: | Viburnaceae |
Slekt: | Adoxa |
Art: | Moskusurt A. moschatellina |
Vitskapleg namn | |
Adoxa moschatellina |
Moskusurt er knytt til halvskygga veksestader med fuktig til våt, næringsrik gjerne moldrik jord, som han finn i lauvskog og kratt med kraftig skogbotnflora.
Utbreiing
endreArten har si naturlege utbreiing i Nord-Afrika, Kaukasus, Sentral-Asia, Aust-Asia, Sibir, Nord-Amerika og Europa. I Noreg er han utbreidd på Austlandet og Sørlandet. Han finst i nokre av dei inste fjordarmane på Vestlandet og i Aust-Finnmark. I Danmark er moskusurt vanleg på Øerne og på Østjylland, men sjeldnare i resten av Jylland.
Kjelder
endre- Den virtuelle floran
- Leif Ryvarden: Norges planter. Cappelen, 1994.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Moskusurt hos Artsdatabanken
- (en) Moskusurt i Encyclopedia of Life
- (en) Moskusurt i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Moskusurt hos Dyntaxa
- (en) Moskusurt hos ITIS
- (en) Moskusurt hos NCBI
- (en) Moskusurt hos The International Plant Names Index
- (en) Moskusurt hos Tropicos
- (en) Kategori:Adoxa moschatellina – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Adoxa moschatellina – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Adoxa moschatellina – detaljert informasjon på Wikispecies