Adrian Clemens Di Ruscio
Adrian Clemens Di Ruscio (fødd 2. juli 1981) er ein norsk komponist frå Torshov i Oslo. Far hans var den italienske lyrikaren Luigi Di Ruscio.
Adrian Clemens Di Ruscio | |||
| |||
Fødd | 2. juli 1981 (43 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | Noreg | ||
Verka som | komponist |
Verksemd
endreAdrian Di Ruscio tok fiolintimar ved musikkskulen i Oslo i oppveksten, og skreiv sine fyrste komposisjonar allereie som fjortenåring.[1] Han fordjupa seg i bratsj ved musikklinja på Foss vidaregåande skule, og deretter studerte han komposisjon ved Norges Musikkhøgskole.[2] Adrian Di Ruscio bur og arbeider i Oslo.
Adrian Di Ruscio har til no skrive over 100 verk. Dei strekkjer seg frå kammermusikk og orkestermusikk, til musikk for vokal, musikk for soloinstrument og elektroakustiske verk. Dei fleste av verka hans er skrivne mellom 1998 og 2004. Han er inspirert av musikarar som dei franske serialistane Pierre Boulez, Jean Barraqué, italienske Luigi Nono og engelske Brian Ferneyhough. Di Ruscio hentar også inspirasjon frå litteratur og filosofi, m.a. Karl Marx, Bertolt Brecht og den norske retorikkprofessoren Georg Johannesen.
Kjelder
endre- Adrian Di Ruscio si offisielle nettside Arkivert 2013-08-10 ved Wayback Machine.