Noregs Høgsterett
Noregs Høgsterett er øvste domstolen i det norske rettssystemet, og har heile Noreg som sitt verkeområde.
Høgsterett held til i Høgsteretts hus (den gamle Justisbygningen) i Oslo. Ein høgsterettsjustitiarius leier domstolen, som i tillegg har hatt 18 høgsterettsdommarar. I 2010 vart talet auka til 19, grunngjeve med stor arbeidsbyrde. I kvar enkelt sak blir retten sett med fem dommarar. Viktige saker blir behandla i storkammer, medan særs viktige saker kan behandlast i plenum der alle dommarar som ikkje har tenestefri eller er inhabile tek del.
Høgsterett blei oppretta 1815 etter heimel i Grunnloven sin § 88, som seier at «Høiesteret dømmer i sidste Instans», eller i moderne nynorsk språkdrakt «Høgsterett dømmer i siste instans».[1] Noverande høgsterettsjustitiarius er Toril Marie Øie.
Medlemmer
endreHøgsterettsjustitiarius
endre- Toril Marie Øie, f. 1960 i Oslo, tiltredd 1. mars 2016 (tiltredde som dommar 1. august 2004)
Dommarar
endre- Jens Edvin A. Skoghøy, f. 1955 i Tromsø, tiltredd 15. august 1998
- Hilde Indreberg, f. 1957 i Oslo, tiltredd 1. april 2007
- Arnfinn Bårdsen, f. 1966 i Stavanger, tiltredd 1. juli 2008, i permisjon frå 2019 til 2028
- Bergljot Webster, f. 1966 i Oslo, tiltredd 15. august 2009.
- Wilhelm Matheson, f. 1955 i Oslo, tiltredd 1. november 2009.
- Aage Thor Falkanger, f. 1965 i Oslo, tiltredd 1. mai 2010
- Kristin Normann, f. 1954 i Oslo, tiltredd 9. august 2010
- Ragnhild Noer, f. 1959 i Oslo, tiltredd 1. oktober 2010
- Henrik Bull, f. 1957 i Oslo, tiltredd 17. januar 2011
- Knut H. Kallerud, f. 1956 i Kongsberg, tiltredd 16. juli 2011
- Per Erik Bergsjø, f. 1958 i Levanger, tiltredd 1. mars 2012
- Arne Ringnes, f. 1955 i Oslo, tiltredd 18. august 2014
- Wenche Elizabeth Arntzen, f. 1959 i Oslo, tiltredd 29. september 2014
- Ingvald Falch, f. 1963 i Bærum, tiltredd 1. september 2015
- Espen Bergh, f. 1961 i Oslo, tiltredd 15. august 2016
- Cecilie Østensen Berglund, f. 1971 i Bærum, tiltredd 1. januar 2017
- Borgar Høgetveit Berg, f. 1970, oppvaksen i Ål i Hallingdal, tiltredd 1. mai 2017
- Erik Thyness, f. 1961 i Oslo, tiltredd 1. mai 2019
- Kine Elisabeth Steinsvik, f. 1976 i Sandnessjøen, tiltredd 5. august 2019
- Knut Erik Sæther, f. 1970 i Drammen, tiltredd 1. oktober 2021
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Norges Høyesterett» frå Wikipedia på bokmål, den 14. desember 2009.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Tidsskrift for rettsvitenskap 1945: «Norges Høyesterett 21 desember og 14 mai 1945»
- Nils Rune Langeland: Siste ord. Høgsterett i norsk historie 1814–1965. Bind I, 1814–1905, Cappelen, Oslo 2005
- Erling Sandmo: Siste ord. Høyesterett i norsk historie 1814–1965. Bind II, 1905–1965, Cappelen, Oslo 2005
Bakgrunnsstoff
endre- Noregs Høgsterett
- Nyare høgsterettsavgjersler ved LovdataDenne rettsvitskapsartikkelen som har med Noreg og samfunn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
- ↑ «Kongeriket Noregs grunnlov - Lovdata», lovdata.no, henta 17. januar 2021