Den afrotropiske regionen

(Omdirigert frå Afrotropisk region)

Den afrotropiske regionen eller den etiopiske regionen er ein av åtte biogeografiske regionar eller økosoner. Han omfattar Afrika sør for Sahara, Madagaskar og andre øyar vest i Indiahavet, sørlege og austlege delar av den arabiska halvøya, ein sørleg del av Iran og den sørvestlegaste delen av Pakistan. Størstedelen av regionen har eit tropisk klima.

Den afrotropiske regionen

Eit tjukt ørkenbelte skil regionen frå den palearktiske regionen i nord. Sør for Sahara ligg to belte av tropiske grassletter og savanne som går frå Atlanterhavet i vest til Det etiopiske høglandet i aust. Ein mosaikk av savanne og skog går over i tropisk lauvfellande skog og regnskog i områda rundt ekvator. Lenger sør finst fleire ørkenar, som Kalahari. Heilt i sør ligg Cape floraregion, eit område med middelhavsklima der ein finn plantar som også har slektningar i Den australske regionen, som Protea frå Proteaceae-familien.

Kjelder endre