Aga Khan III
Sultan Mahomed Shah (2. november 1877–11. juli 1957), kjend som Aga Khan III, var frå 1885 til han døydde åndeleg overhovud for ismaelittane. Han var medgrunnleggjar og den fyrste permanente leiaren for All-India Muslim League (AIML). Som religiøs og verdsleg leiar hadde han stor makt i den muslimske verda. Han vart medlem av Det kongelege rådet i Storbritannia i 1934. Aga Khan representerte India i Folkeforbundet frå 1932 og var leiar for forbundet frå 1937 til 1938.[1]
Aga Khan III | |
Statsborgarskap | India, Britisk India, Unionen India |
Fødd | 2. november 1877 Karachi, Bombay Presidency, Britisk India |
Død | |
Yrke | politikar, diplomat |
Språk | hindi, fransk |
Religion | Nizari Isma'ilism |
Far | Aga Khan II |
Mor | Lady Ali Shah |
Ektefelle | Yvette Labrousse, Shahzadi Begum, Cleofe Teresa Magliano, Andrée Josephine Carron |
Aga Khan III på Commons |
Liv
endreAga Khan var fødd i Karachi i dåverande Britisk India som son av Aga Khan II, som hadde flytta dit frå Persia, og den tredje kona hans,[2] Nawab A'lia Shamsul-Muluk, eit barnebarn av Fath Ali Shah av Persia. Etter å ha vore elev ved Eton College i England vart han student ved University of Cambridge.[3]
Allereie sju år gammal, i 1885, etterfølgde han faren som imam for sjiamuslimane i ismaili-sekta.[4][1] Han reiste vidt i verda for å møta tilhengjarane sine, og engasjerte seg i å gje råd og støtt. I 1897 vart han utnemnd til Knight Commander of the Indian Empire (KCIE) av dronning Victoria av Storbritannia. Han vart opphøgd til Knight Grand Commander (GCIE) ved kroninga til Edvard VII i 1902,[5][6] og vart utnemnd til Knight Grand Commander of the Order of the Star of India (GCSI) av George V i 1912 og GCMG i 1923. Han vart også æra av den tyske keisaren, den osmanske sultanen, den persiske sjahen og andre herskarar.[7]
Han heldt hus i Bombay, men oppheldt seg mykje i Europa.[8] I India støtta han det britiske kolonistyret og vart 1916 lønna med fyrstetittel, men herska aldri over noko territorium. Han mottok tributtar frå sekta sine medlemer i India, Sentral-Asia og Aust-Afrika, og skal ha vore ein av dei rikaste personane i verda.
Aga Khan er gravlagd i eit mausoleum ved Nilen i Aswan i Egypt.
Verk
endreHan skreiv fleire bøker og artiklar, der særleg India in Transition hadde stor tyding. Her føreslo Aga Khan III ein sørasiatisk føderasjon[9] av sjølvstyrande statar.
The Memoirs of Aga Khan: World Enough and Time er sjølvbiograpfien hans.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Agha Khan III». findpk.com. Henta 19. september 2019.
- ↑ Daftary, Farhad (1990). The Ismā'īlīs: Their History and Doctrines. Cambridge: Cambridge University Press. s. 518. ISBN 0-521-42974-9.
- ↑ «Aga Khan, Fashionable Londoner, Holds Enormous Power in Islam», The New York Times, 8. juli 1923, s. XX5.
- ↑ https://www.britannica.com/biography/Aga-Khan-III, Aga Khan III], Encyclopedia Britannica, 18. september 2003.
- ↑ «The Coronation Honours». The Times (36804) (London). 26 June 1902. p. 5.
- ↑ «Court Circular». The Times (36908) (London). 25 October 1902. p. 8.
- ↑ Bhownagree 1911.
- ↑ «Aga_Khan_3.» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ The Aga Khan; India in Transition, Bombay, 1918, s. 45-46.