Agdenes kyrkje

Agdenes kyrkje står på Værnes i Orkland kommune i Trøndelag fylke, og er ei langkyrkje vigsla i 1858.[2]

Agdenes kyrkje
kyrkje
Agdenes church 02.jpg
Kj. Lie
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Orkland
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Orkdal
Sokn Agdenes
Fellesråd Agdenes
Type Langkyrkje[1]
Arkitekt Chr. H. Grosch[1]
Material Tre
Innvigd 27. mars i 1858[2]
 - Endringar Påbygd sakresti og bårerom i 1969[2]
Tårn Bygd i 1869, ved vestre enden av skipet.[2]
Takryttar Hadde takryttar midt over skipet til 1869[2]
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Frå 1857[1]
Døypefont Frå 1951[1]
Altartavle Frå 1915, Av Wilhelm Bjørknes etter Hofmann[1]
Sitjeplassar 200[1]
Kart
Agdenes kyrkje
63°34′58″ N 9°30′56″ E
Wikimedia Commons: Agdenes kirke

Arkitekt for bygget, som er i tre, var Christian Heinrich Grosch.[1] Inventaret er frå byggeåra ellet seinare. Kyrkja hadde frå starten ein takryttar midt over skipet. I 1869 vart det bygd tårn ved vestre enden av skipet.[2] Hundre år seinare, i 1969, vart det bygd til sakristi og bårerom.[2]

Kyrkja er soknekyrkje i Agdenes kyrkjesokn i Orkdal prosti.

InventarEndra

AltertalvlaEndra

Altertavla har Kristus i Getsemane som motiv og er ein kopi etter Hoffman måla av Wilhelm Bjørknes i 1915.[1] Før det var det ein svart kross med gylde kantar som stod på alteret og tende som altertavle.[2]

PreikestolEndra

Preikestolen er frå byggeåret og er i tre.[1]

DøypefontEndra

Døypefonten er i tre og vart laga i 1951.[1]

KyrkjeklokkeEndra

Det er ei klokke i kyrkja. Ho er frå 1856.[1]

ReferansarEndra

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Agdenes kirke». Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo Forlag. s. 241. ISBN 82-7527-022-7. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 «Om Agdenes kyrkje på nettstaden til Orkdal prosti».  Vitja 16. juni 2009

BakgrunnsstoffEndra