Agdenes kommune
Agdenes er ein tidlegare norsk kommune i Trøndelag fylke. Han låg på grensa mellom dei gamle landskapa Fosen og Orkdalen i Trøndelag. Kommunen låg heilt ytst i Trondheimsfjorden, og grensa mot Ørland og Rissa over Trondheimsfjorden i nordaust, mot Orkdal i søraust, mot Snillfjord i sør og mot øykommunen Hitra over Trondheimsleia i nordvest. Hovuddelane av kommunen slik han var frå midten av 1960-åra var Ytre Agdenes, Lensvik og Ingdalen. 1. januar 2020 blei Agdenes slått saman med Orkdal, Meldal og ein del av Snillfjord til den nye Orkland kommune.
Agdenes kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Adm.senter | Selbekken | ||
Areal | 318 km² | ||
• land | 297 km² | ||
• vatn | 21 km² | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Oddvar Indergård (LL) | ||
Kommunenr. | 5016 | ||
Agdenes kommune 63°32′05″N 9°42′04″E / 63.534722222222°N 9.7011111111111°E | |||
Kart som viser Agdenes kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Agdenes | |||
Nettstad: www.agdenes.kommune.no |
Topografi
endreAgdenes-området har vekslande natur med fjell og fjord, frodige åkrar og fuktige myrområde, skogkledde lier og nake, vêrhardt landskap.
Klimamessig er kommunen delt i to, og vêrskiljet går i ein fjellrygg gjennom kommunen. Ytre del av kommunen har typisk kystklima med milde vintrar og lite snø, medan indre del har meir vegetasjon, mindre vind og snørike vintrar.
Elvar, fjordar, fjell og vatn
endreHistorie
endreKong Øysteins hamn nær Agdenes fyr er ein viktig marinarkeologisk lokalitet.
Den noverande kommunen vart oppretta i 1964, da indre del av gamle Agdenes kommune, Lensvik kommune og Ingdalen krets av Stadsbygd kommune, vart samanslegne. Føre 1964 var gamle Agdenes kommune delt frå Ørland kommune i 1896. Lensvik kommune var delt frå Rissa kommune i 1905, medan Ingdalen høyrte til Statsbygd kommune heilt fram til 1964.
I 1995 vart grenda Moldtun overført frå Agdenes til Snillfjord kommune. Grenda hadde ikkje vegsamband før i 1994, og da vegen kom, var det mot Snillfjord. Derfor var det naturleg at grenda, etter eige ønskje, vart overført til Snillfjord.
Samfunn
endreReligion
endreAgdenes kommune svarar til Agdenes prestegjeld i Den norske kyrkja. Kommunen har tre kyrkjer: Agdenes kyrkje, Lensvik kyrkje og Ingdalen kapell.
Kommunevåpenet
endreKommunevåpenet med namnet «I hermelin eit raudt skjoldhovud» vart godkjent i 1991. Hermelin symboliserer at dei kongelege heldt til på Agdenes i tidlegare tider, og det symboliserer òg skinnproduksjonen i vår tid. Det raude feltet står for jordbær, for hjartevarme eller for blodet frå øksa til Eirik Blodøks.
Kommuneblomsteren
endreKommuneblomsteren for Agdenes er jordbærplanten (Fragaria) som er ei slekt av rosefamilien.
Tusenårsstad
endreTusenårsstaden i kommunen er den gamle bustadplassen Fjølåsen. Det er bygd kulturveg opp til Fjølåsen, og langs traséen er det blant anna oppsett over 40 opplysningsskilt. Kommunen har òg planer om å byggje opp att ein del av dei gamle husa.
Interkommunalt samarbeid
endreKommunen deltek i fleire interkommunale samarbeid i Hamos-regionen, som inkluderer kommunane Hemne, Agdenes, Meldal, Orkdal og Skaun.
Næringsliv
endreLandbruk
endrePrimærnæringane er sysselsett flest innbyggjarar i kommunen, særleg innanfor mjølkeproduksjon og skogbruk. Pelsdyroppdrett og jordbærproduksjon er òg viktige næringsvegar i kommunen.
Jordbærproduksjon
endreI over 100 år har jordbærdyrking vore ei betydeleg inntektskjelde for mange gardbrukarar i Agdenes kommune. I 1896 starta Lars H. Selbæk jordbærdyrking i heimbygda si og gav bort plantar til gardbrukarar i heile kommunen.
I 2001 var det rundt 320 dekar med jordbæråkrar i Agdenes kommune. Det største arealet er i Lensvik, men det blir òg dyrka mykje jordbær i Ingdalen og Mølnbukta.
I Agdenes blir det for det meste dyrka bær til konsum, og da er hovudsorten Korona. Da jordbæra kom til Lensvik, var plantane av sorten Abundance, men i 1970-åra kom sorten Zephyr og tok over. Fleire sorter vart prøvd, men Zephyr var hovudsorten frem til først i 1990-åra. Frå da av til no (2007) blir har det vore dyrka mest Korona.
Fram til midten av 1970-åra var det mest norske ungdommar som arbeide som jordbærplukkarar, men i seinare tid er det mest utlendingar som plukkar jordbær, hovudsakleg frå Polen og Litauen.
Kvart år blir «Jordbærtrimmen» arrangert — eit løp til ære for jordbæra som går rundt Utnesvatnet.
Industri
endreIndustritettheita i kommunen ligg over landsgjennomsnittet.
Turisme
endreAgdenes kommune har rundt 800 fritidsbustader. Rimeleg pendleavstand frå Trondheim ved kysten, men utan ferjer gjer at kommunen er attraktiv for hytteeigarar.
Kjende agdenesingar
endre- Ole Singstad, tunnelpioner
- Harald Grønningen, langrennsløpar og olympisk gullmedaljevinnar
- Nekolai Dahl, foregangsmann i fiskeindustrien
- Lars H. Selbæk, grunnleggaren av jordbærdyrking som næring i heimbygda
- Gunhild Øyangen, landbruksminister 1986–1990 og 1991–1996
Bakgrunnsstoff
endre- Agdenes kommune sine heimesider Arkivert 2011-05-11 ved Wayback Machine.
- Kultur i Agdenes på kart frå Kulturnett.no