Aglapsvik er ei lita bygd ved Malangen lengst nord på Lenvikhalvøya i Troms. Staden ligg i Senja kommune, 35 km nordom Finnsnes, og har fått namnet sitt etter fjellet Aglapen. Bygda ligg ved Fylkesveg 263. Aglapsvik har postadresse 9300 Finnsnes og ligg i Kårvik skulekrins. Aglapsvik har daglege bussavgangar til Finnsnes. Tennskjær, som ligg 4 km lenger nordaust har dessutan snøggbåtsamband med Tromsø 5 dagar i veka.

Aglapsvik
stad
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Senja
Postnummer 9300 FINNSNES
Preposisjon I Aglapsvik
Ferdselsårer Fv263
Kart
Aglapsvik
69°27′46″N 18°12′40″E / 69.462777777778°N 18.211111111111°E / 69.462777777778; 18.211111111111

Det er eit relativt nybyggd grendehus i Aglapsvik. Like ved er det eit populært friluftsområde med den flotte sandstranda i Sørvika.

Kjelder

endre