Agnar Skeidsvoll

norsk redaktør og forfattar

Agnar Skeidsvoll (fødd 28. desember 1900 i Bergen, død 26. juni 1963 same stad) var ein norsk redaktør, forfattar og disponent.

Agnar Skeidsvoll
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. desember 1900
Vestnes kommune
Død

26. juni 1963 (62 år)

Yrke skribent

Han voks opp på garden Skeidsvoll i Tresfjord i Romsdalen. Skeidsvoll gjekk på Jærens folkehøgskule og handelsskule. Frå 1916 til 1920 arbeidde han i bank. I 1922 vart han journalist i Gula Tidend, eit arbeid han hadde fram til 1928, då han vart redaktør i Firda Folkeblad. Han hadde denne stillinga fram til 1934. I 1934 vende han attende til Gula Tidend som redaktør. Han arbeidde som redaktør fram til 10. april 1940, då drifta vart stansa grunna den andre verdskrigen. Etter krigen arbeidde han i to år, frå 1946 til 1948, som disponent i Gula Tidend, og deretter vart han på nytt redaktør i avisa. Han måtte gå av i 1953 på grunn av dårleg helse.

Etter krigen innførte han ein ny type stoff som avisredaktør – preikekritikk. Han var med på gudstenestene i dei ulike trussamfunna og vurderte preikene som talar. Preikekritikkane hans vart samla i éi bok i 1951.

Skeidsvoll var leiar for Norsk Bladmannalag frå 1936 til 1941, var lærar ved Bladmannaskulen i nokre år og var medredaktør for jubileumsskriftet til laget i 1938. Elles gav han mellom anna ut ei nynorsk reklamelære og ei namnebok. Skeidsvoll var også aktiv i fråhaldsrørsla, i kyrkjelege organ og i Bondeungdomslaget i Bergen, og han sat i styret for Vestmannalaget i åra 1946–1956.

Bibliografi endre

  • 1929 – Naturlækjaren O. Olvik (Bergen: Lunde. 2. utgåve saman med Severin Eskeland i 1957).
  • 1935 – Norsk reklamelære for handel, yrke og skular (Bergen).
  • 1938 Norske bladmenn og norske blad : 25 års skrift for Norsk bladmannalag og ei 80 års norsk bladsoga (Bergen: Lunde. Medredaktør).
  • 1938 – Keilhau’ske fantasiverk um norske bønder (Bergen).
  • 1943 – Norske manns- og kvinnenamn (Oslo: Norli. Utvida utgåve i 1961).
  • 1945 – Humør på heimefronten, V (Bergen: Varde. Illustrert av Magnus Hardeland).
  • 1945 – Heimland, du frie (Bergen: Varde. Diktsamling).
  • 1951 – Kyrkja og sektene i søkjeljoset (Bergen: Varde. Preikekritikk).
  • 1959 – Bygdebok for Tresfjord (Tresfjord).

Kjelder endre