Ailo Gaup
norsk samisk forfattar
- For motocross-køyraren, sjå Ailo Mikkelsen Gaup.
Ailo Gaup (18. juni 1944–24. september 2014) var ein norsk samisk forfattar som var fødd i Kautokeino og seinare busett i Oslo.[1][2][3][4][5]
Ailo Gaup | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. juni 1944 Kautokeino kommune |
Død |
24. september 2014 (70 år) |
Yrke | skribent, sjaman, lyrikar |
Gaup skreiv romanane og dikta sine på norsk, men romanane er omsette til engelsk, tysk, fransk og polsk. Han var med på å grunnleggja det samiske teateret Beaivváš i Kautokeino, og skreiv òg oppsetjingar for teateret.
Forfattarskap
endre- Romanar
- Trommereisen (1988)
- Natten mellom dagene (1992).
- Dikt
- Joiken og kniven (1982)
- I Stallos natt (1984)
- Under dobbel stjernehimmel (1986)
- Verk for scena
- Min duoddarat (Viddene våre) (1983) – tekst til samisk musikal.
- Gullspråket (1990) – skodespel.
- Fagbøker
- Sjamansonen (2005)
- Inn i naturen (2007)
Referansar
endre- ↑ «Ailo Gaup er død». Den norske Forfatterforening (på norsk). 25. september 2014.
- ↑ Ailo Gaup har trätt in i det stora kretsloppet; Bloggen Norrshaman, 25.9.2014
- ↑ «Ailo Gaup er død»; Magasinet Visjon, 25.09.2014
- ↑ Ailo Gaup i Norsk biografisk leksikon
- ↑ Mari Boine mfl. Nekrolog: Ailo Gaup; Aftenposten, 7.10.2014
- Denne artikkelen bygger på «Ailo Gaup» frå Wikipedia på bokmål, den 29. november 2020.