Aire
Aire er ei elv i West Yorkshire i England. Delar av elva er utbetra slik at ho dannar ein kanal, og det er laga eit kanalsamband med elva Calder. Ho dannar såleis ein del av Aire- og Calder-kanalen.
Aire | |||
elv | |||
Aire i Gargrave i North Yorkshire
| |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Grevskap | North Yorkshire, West Yorkshire, East Riding of Yorkshire | ||
Tilløp | |||
• høgre | Worth | ||
Nedslagsfelt | 1 004 km² | ||
By | Leeds | ||
Lengd | 114 km | ||
Middelvassføring | 35,72 m³/s | ||
Kjelde | |||
- stad | Malham Tarn, North Yorkshire | ||
• høgd | 377 moh. | ||
Aire 54°03′19″N 2°09′00″W / 54.055375°N 2.1498888888889°W | |||
Wikimedia Commons: River Aire |
Elva har kjelde i sjøen Malham Tarn i North Yorkshire og renn under jorda til ho spring ut ved Aire Head nær Malham. Ho renn gjennom byane Gargrave og Skipton inn i West Yorkshire, der ho renn gjennom dei tidlegare industriområda Keighley, Bingley, Saltaire og Shipley, før ho går gjennom Leeds og landsbyane Swillington og Woodlesford. Ved Castleford renn elva saman med Calder. Nær Knottingley renn ho tilbake inn i North Yorkshire og dannar ei tid fylkesgrense mellom North og East Riding of Yorkshire.
Aire munnar ut i Ouse ved Airmyn. Myn er eit gammalengelsk ord som tyder 'munning'.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «River Aire» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juni 2015.