Malham er ein landsby og eit sivilt sokn (civil parish) i Craven-distriktet i North Yorkshire i England. Han er nemnd i Domesday Book som «Malgun», eit namn som tyder 'busetnad ved grusstad'.[1] Soknet har rundt 150 innbyggjarar.[2]

Malham
landsby
Listers Arms - geograph.org.uk - 858845.jpg
Land Flag of England.svg England
Region Yorkshire and the Humber
Fylke North Yorkshire
Distrikt Craven

Malham
54°3′40″ N 2°9′11″ W
Wikimedia Commons: Malham

Malham ligg i Malhamdale, den øvre delen av elvedalen til Aire, i Yorkshire Dales.[3] Turistattraksjonar i nærleiken er mellom anna Malham Tarn, Malham Cove og Gordale Scar. Staden er eit viktig mål for fotturismar.

Malham Show er ei årleg hending i august som omfattar fesjå, andre utstillingar og oppvisingar knytt til landbruk og lokalt kulturliv og tevlingar som dragkamp og motbakkeløp. Eit anna arrangement er Malham Safari, i mai, der innbyggjarane og landsbyskulen lager utandørsskulpturar som blir sett opp rundtom Malham.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra