Malham Tarn er ein innsjø nær landsbyen Malham i Yorkshire Dales i England. Han ligg 377 meter over havet, og er ein av dei høgastliggande innsjøane i England. Innsjøen er ein av åtte høgareliggande basiske innsjøane i Europa. Geologien, plante- og dyrelivet har gjort at innsjøen er underlagt fleire bevaringsnivå. Området tilhøyrer National Trust. Organisasjonen leiger ut delar av området til Field Studies Council, som har feltkurs her.

Malham Tarn
innsjø
Det nordaustlege hjørnet av Malham Tarn
Land  Storbritannia
Nedslagsfelt km²
Opphaldstid 11 veker
Høgd over havet 377 moh.
Areal 0,62 km²
Middeldjupn 2,4 m
Største djupn 4,4 m
Koordinatar 54°05′45″N 2°10′0″W / 54.09583°N 2.16667°W / 54.09583; -2.16667
Kart
Malham Tarn
54°05′45″N 2°10′00″W / 54.095833333333°N 2.1666666666667°W / 54.095833333333; -2.1666666666667
Wikimedia Commons: Malham Tarn

Geografi endre

Malham Tarn ligg i Yorkshire Dales, ein nasjonalpark i Penninane i Yorkshire. Han ligg om lag 40 km nordvest for Bradford og kring 4 km nord for den næraste busetnaden, Malham.

Med ei høgd på 377 meter over havet er han den høgastliggande innsjøen i England.[1][2] Innsjøen er ein av berre åtte høgareliggande basiske innsjøar i Europa, med ein pH på mellom 8,0 og 8,6.[2] Nedslagsfeltet til innsjøen er 6 km² og hovudtilsiget er ei elv som renn ut nordvest i innsjøen.[2] Innsjøen er 4,4 meter på det djupaste og middeldjupna er 2,4 meter. Overflatearealet til innsjøen er 0,62 km².[2] Det tar vatnet om lag 11 veker å renne gjennom innsjøen.[3] Hovudutsiget er ei lita elv sør i innsjøen. Denne forsvinn under jorda etter kring 500 meter før ho dukkar opp att nedanfor Malham Cove som ei kjelde til elva Aire.[2]

Naturhistorie endre

 
Plasseringa til Malham Tarn i sørlege Yorkshire Dales

Malham Tarn ligg i eit kalksteinsområde. Sjølve innsjøen ligg på eit lag av skifer frå silur, som er dekt av mergel.[3] Innsjøen vart demd opp av ei morene mot slutten av den siste istida, for om lag 10 000 år sidan. Han brukte å vere dobbelt så stor, men har krympa på grunn av tilmudring på vestsida. Dette har skapt eit myrlendt område kalla Tarn Moss. Etter avskoginga under jernalderen, vart området kring innsjøen nytta som beitemark for å hindre at skogen kom attende. Det vart bygt ein jordvoll og ei sluse ved innsjøen i 1791 av Lord Ribblesdale;[3], og dette heva vassnivået i innsjøen med om lag éin meter.[2] Den normale årsnedbøren i tilsigsområdet er 1542,5 mm.

Det finst seks fiskeartar i innsjøen, samt kreps, toppdykkar, sivhøne, sothøne, toppand og krikkand.[4] Mange vadefuglar hekkar i området, som raudstilk, storspove, vipe og tjeld.

Innsjøen er ein del av Malham og Arncliffe Site of Special Scientific Interest som vart oppretta i 1955.[2] I 1992 fekk innsjøen og våtmarksområdet status som nasjonalt naturreservat.[2] Innsjøen er òg ein Ramsar stad sidan 1993.[5] Det høyrer òg til Craven Limestone Complex Special Areal of Conservation.[6]

Historie endre

Det har vore menneske ved Malham Tarn sidan mellomsteinalderen.[7] Under bronsealderen og jernalderen vart området kring innsjøen nytta som beitemark. Etter at Romarriket erobra Storbritannia vart ikkje området sett på som særleg attraktivt og dei einaste romarane ein fann i området var ein liten leir ved Malham Moor.[7] I mellomalderen vart området eigd av fleire kloster, som nytta det til beite.

 
Malham Tarn House, i dag kjend som Malham Tarn Field Studies Centre

Etter at klostera vart nedlagde, hadde Malham Moor fleire eigarar fram til Thomas Lister, seinare den første Lord Ribblesdale, tok over på midten av 1700-talet. I 1946 vart huset her gjeve til National Trust, som seinare leigde det ut til Field Studies Council.[8]

Kjelder endre

  1. «Malham Tarn and Moor». National Trust. Henta 28. mars 2010. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Bradley, P. (Mars 2002). «White-clawed Crayfish (Austropotamobius pallipes) At Craven Limestone Complex SAC, North Yorkshire». Field Studies Council. Arkivert frå originalen 18. oktober 2008. Henta 28. mars 2010. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Coletta, Pietro (20. februar 2002). «Malham Tarn: an introduction». King's College London. Arkivert frå originalen 19. juli 2006. Henta 28. mars 2010. 
  4. «Malham Tarn NNR». Yorkshire Dales National Park Authority. Arkivert frå originalen 5. november 2008. Henta 28. mars 2010. 
  5. «The Annotated Ramsar List: United Kongedømet». The Ramsar Convention on Wetlands. Henta 28. mars 2010. 
  6. «Craven Limestone Complex». National Biodiversity Network. Henta 28. mars 2010. 
  7. 7,0 7,1 «Out of Oblivion: Malhamdale». Yorkshire Dales National Park Authority. Henta 28. mars 2010. 
  8. «Malham Tarn & House». KirkbyMalham.info. Henta 28. mars 2010. 

Bakgrunnsstoff endre