Al-Annazah (arabisk العنازة, òg skrive al-Annazeh) er ein landsby, kring 20 km nordaust for Tartus og 5 km frå Middelhavet. Han ligg mindre enn ein times køyretur frå Latakia og kring tre timar frå Damaskus. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Annazah eit folketal på 3 357 i 2004.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg alawittar.[2]

Al-Annazah
العنازة
landsby
Land  Syria
Guvernement Tartus
Distrikt Baniyas
Nahiyah Al-Annazah
Koordinatar 35°11′46″N 36°3′56″E / 35.19611°N 36.06556°E / 35.19611; 36.06556
Folketal 3 357  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Al-Annazah
35°11′46″N 36°03′56″E / 35.196111111111°N 36.065555555556°E / 35.196111111111; 36.065555555556

Åsane kring landsbyen er dekte med oliven og eik og mange grotter. Sjølv om det ikkje er nokre elvar i Al-Annaze, finst her mange dalar.

Naturparkar endre

Det finst mange høve for fritidsaktivitetar kring Al-Annazah som fjellklatring, turar i dalane, jogging på åsane, sykkelturar og skogsturar. Det finst grotter og tette skogar i Ein Ibraheim-området, med ferskvatn, mange typar fuglar og ville dyr.

Klima endre

Al-Annaze har middelhavsklima, med eit moderat til varmt og tørt vêr om sommaren og mildt og vått om vinteren. Vinteren er regnfull med høg fukt. Temperaturane i januar varierer normalt mellom 15 og 6 ºC. Augusttemperaturane varierer mellom 30 ºC på dagtid til 19 ºC om natta. Årsmiddelnedbøren i Al-Annaze er 850 mm, og det meste av dette kjem frå september til mai.

Vêrdata for Al-Annaze
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 15 17 19 20 24 26 28 30 23 17 18 13 22,83
Gjennomsnittleg min °C 5 7 10 12 14 16 18 20 15 11 9 6 11,91
[treng kjelde]


Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004 Arkivert 2020-09-24 ved Wayback Machine.. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Idlib guvernement. (arabisk)
  2. Balanche, Fabrice (2006). La région alaouite et le pouvoir syrien (PDF) (på fransk). Karthala Editions. ISBN 2845868189.