Al-Askaria er ein av dei fire viktigaste heilagdommane innan sjia-islam. Det er eit mausoleum i den irakiske byen Samarra der imam Ali al-Hadi og sonen Hassan al-Askari er gravlagde. Mange sjiamuslimar trur òg at sonesonen Mohammed al-Mahdi, «den gøymde imamen», gjekk i dekning der og ein dag vil syna seg igjen.

Bilete av moskéen frå rundt 1926.

Bygningen, som årleg blir vitja av tusentals pilegrimar, blei utsett for eit bombeåtak den 22. februar 2006, og den vidkjende forgylte kuppelen braut saman.

Historie endre

Mausoleet blei bygd i 944, då Samarra blei hovudstaden for abbasidedynastiet. Då det blei ombygd i 1905 fekk det ein kuppel dekt av 72 000 gullstykke.

I lang tid var det vanleg å bringa ein sala hest og ein hær til mausoleet i vente på at Mohammed al-Mahdi skulle syna seg igjen og «skilja sanning frå løgn».

 
Soldatar frå nasjonalgarden før dei storma Al-Askaria i oktober 2004.

Under Irakkrigen har Samarra vore eit viktig utgangspunkt for irakiske motstandsstyrkar, men mausoleet har fekk stå i fred frå landet blei invadert i mars 2003, til han blei sprengd av væpna gjerningsmenn i februar 2006.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre