Opna hovudmenyen

Al-Qahtaniyah i Al-Hasakah guvernement

Al-Qahtaniya eller Qbor el-Bid (arabisk القحطانية; assyrisk ܩܒܪ̈ܐ ܚܘܪ̈ܐ Qabre Ḥewore; kurdisk Tirbespiyê) er ein by i Al-Hasakah guvernement i Syria. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Qahtaniya eit folketal på 16 946 i 2004.[1] Dei fleste innbyggjarane er kurdiske, men her finst òg ein stod del assyrarar. Begge folkegruppene har levd her sidan byen vart grunnlagd seint i 1920-åra. På denne tida låg rådet (mustašār) for Jazire-området i Amuda. Det noverande namnet på Al-Qahtaniya kjem av arabiseringa i 1960-åra. Det offisielle namnet før dette var Qbor el-Bid ('Dei kvite gravene').

Al-Qahtaniya
القحطانية, Tirbespî
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Al-Hasakah guvernement
Distrikt Al-Qamishli-distriktet
Nahiyah Al-Qahtaniyah
Høgd 405 moh.
Koordinatar 37°1′39″N 41°37′49″E
Folketal 16 946 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Den 13. mars 2004, under Al-Qamishli-opprøra, vart 40 kurdarar drepne. Åtak på sørgjande under gravferdene deira førte til vidare protestar i Al-Qahtaniya, og i dei påfølgjande dagane vart demonstrantar i byen skotne på og skadde.[2]

Under den syriske borgarkrigen tok YPG kontroll over byen.[3]

Diktaren og forfattaren Tuma Gawriye Nahroyo (1936-2002) var frå Al-Qahtaniyah.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Al-Hasakah guvernement. (arabisk)
  2. «Report by the Special Rapporteur on Torture and Other Cruel, Inhuman, or Degrading Treatment or Punishment, Theo van Boven. Syrian Arabic Republic». Henta 17. november 2012. 
  3. «Tyrkisk avis: Kurdistan nr. 2 bliver dannet». Jiyan (på dansk). 22. juli 2012. Henta 17. november 2012.