Al-Ziyarah
Al-Ziyarah (arabisk الزيارة, òg skrive Zeyareh) er ein by nord i Syria i Hama guvernement, 75 kilometer nordvest for Hama. Han ligg på Ghabsletta, ved austbreidda av Orontes.[1] Av stader i nærleiken finn ein Qarqur 7 kilometer mot nord, Sirmaniyah i nordvest, Qastun i aust og Farikah, Khirbet al-Arus og al-Amqiyah Tahta i sør. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Ziyarah eit folketal på 3 541 i 2004. Han er òg senter for eit nahiyah («underdistrikt»), ein del av Al-Suqaylabiyah-distriktet, som består av 25 stader med eit samla folketal på 38 872 i 2004.[2]
Al-Ziyarah | |||
Zeyareh, الزيارة | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Hama | ||
Distrikt | Al-Suqaylabiyah | ||
Nahiyah | Al-Ziyarah | ||
Koordinatar | 35°41′21″N 36°20′18″E / 35.68917°N 36.33833°E | ||
Folketal | 3 541 (2004) | ||
Al-Ziyarah 35°41′21″N 36°20′18″E / 35.68916667°N 36.33833333°E | |||
Kart som viser Al-Ziyarah.
|
Historie
endreAl-Ziyarah er identifisert som den arameisk byen «Ziara» frå antikken, som var ein del av kongedømet Hamath.[1]
Namnet al-Ziyarah er arabisk for «vitjingsplass». Al-Ziyarah har fått namnet frå ein heilagdom med to kuplar som ligg i byen.[3] Domen er kvit og omgjeve av eiketre.[4] Frå her har ein utsyn over sletta kring byen og Nusayriyahfjella.[3]
Før 1960 var nahiyah al-Ziyarah ein del av Idlib guvernement, før det vart ein del av Hama guvernement.[5] I 1970 bestod ein gjennomsnittleg hushaldning i al-Ziyarah av nesten ni personar.[6] Eit prosjekt for kunstig vatning som dekte 17 400 hektar i al-Ziyarah-området vart sett i gang i 1990.[7] Prosjektet stod ferdig med bygginga av Zeyzoundammen i 1995. Den 4. juni 2002 kollapsa dammen og skapte storflaum i området. I fem byar, mellom anna al-Ziyarah, vart hundrevis av bustadhus anten øydelagde eller fekk store skadar, noko som fekk dei syriske styresmaktene til å be om internasjonal hjelp. I alt mista ti personar livet, fem av dei, to kvinner, to born og ein tilsett ved dammen, budde i al-Ziyarah.[8]
Den 5. november 2012, under den syriske borgarkrigen eksploderte ei bilbombe utanfor eit statleg utviklingsbyrå i in al-Ziyarah. Statleg media hevda at to personar omkom og 10 vart skadde, medan aktivistar på den andre sida hevda at 50 syriske soldatar og statlege militssoldatar omkom.[9]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Al-Ziyarah» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mai 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Weulersse, Jacques (1946). Paysans de Syrie et du Proche-Orient. Gallimard.
- Lipinsky, Edward (2000). Arameans: Their Ancient History, Culture, Religion. Peeters Publishers. ISBN 9042908599.
- al-Dbiyat, Mohamed (1995). Homs et Hama en Syrie centrale: concurrence urbaine et développement régional. Institut français de Damas.
- ↑ 1,0 1,1 Lipinsky, 2000, s. 276.
- ↑ Folketeljing 2004 Arkivert 2012-12-20 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Hama guvernement. (arabisk)
- ↑ 3,0 3,1 Lyde, Samuel. The Asian Mystery Illustrated in the History, Religion, and Present State of the Ansaireeh or Nusairis of Syria. Longman, Green, Longman, and Roberts: (1860).
- ↑ Weulersse, 1946, s. 326.
- ↑ Al-Dbiyat, 1995, s. 17.
- ↑ Al-Dbiyat, 1995, s. 76.
- ↑ MEED. 34: 1-12. Economic East Economic Digest, Limited, 1990.
- ↑ Syria calls for urgent disaster aid after 10 killed in dam burst Arkivert 2016-08-16 ved Wayback Machine.. Agence France-Presse. 2002-06-05.
- ↑ Several killed in Syria car bombings. BBC News. 2012-11-05.