Opna hovudmenyen

Al Hudaydah (arabisk الحديدة), òg kalla Hodeda, Hodeida, Hudaida og Hodeidah, er den fjerde største byen i Jemen. Han har kring 400 000 innbyggjarar og ligg midt i Al Hudaydah guvernement.

Al Hudaydah
by
Al Hudaydah Market, Yemen (11042765095).jpg
Marknad i Al-Hudaydah
Land Flag of Yemen.svg Jemen
Guvernement Al Hudaydah
Høgd 17 moh.
Koordinatar 14°48′08″N 42°57′04″E
Folketal 400 000
Tidssone Jemen standardtid (UTC+3)
Wikimedia Commons: Al Hudaydah

HistorieEndra

 
Hamna i Al Hudaydah i 1902

Under fyrste verdskrigen, i 1914, oppretta tyske soldatar leia av major friherre Othmar von Stotzingen ein radiostasjon i Al Hudaydah. Denne vart nytta under det arabiske opprøret til å videresende meldingar frå Konstantinopel til Tysk Aust-Afrika og til å sende propaganda til Sudan, Britisk Somaliland og Abyssinia.[1]

I januar 1961 vart Al-Hudaydah øydelagd av ein storbrann. Byen og særleg hamneanlegga vart bygd opp att med hjelp frå Sovjetunionen. Ein motorveg til hovudstaden Sana'a stod ferdig i 1961. Det låg ein sovjetisk marinebase i byen i 1970- og 1980-åra.

Al-Hudaydah har mange historiske stader, særleg i Zabid, som vert rekna som ein av dei viktigaste islamske byane i verda. Byen er ikkje stod, men har meir enn hundre gamle moskear. I tillegg brukte han å ha eit universitet, som er like gammalt som al-Azhar i Egypt.

Forfattaren Abdullah bin Abdul Kadir vitja Al Hudaydah under pilegrimsreisa si til Mekka i 1854, og skildra byen i boka si. Han skreiv at det var vanleg å tygge khat på den tida.[2]

Under den jemenittiske borgarkrigen i 2015 var byen kontrollert av houthiar og vart bomba av koalisjonen leia av Saudi-Arabia den 18. august.[3]Dei fire kranane i hamna vart øydelagd, i tillegg til fleire lagerhus. Koalisjonen meinte at hamna verna ein fiendtleg marinebase, men humanitære hjelpeorganisasjonar klaga over at marineblokaden til koalisjonen hindra naudhjelp til dei sivile som trengde det.[3]

ØkonomiEndra

Byen ligg ved Raudehavet og er ei viktig hamn for eksport av kaffi, bomull, dadlar og skinn. Han vart utvikla til ein hamneby midt på 1800-talet av osmanske tyrkarar.

I 1920 skilda britane hamna i Al Hudaydah som ei «dårleg hamn». Hamna hadde to innløp og kunne berre ta i mot mindre båtar, medan større båtar og skip måtte dokke over 3 km unna. I 1908 vart det bygd ein ny kai, som hadde problem med djupna, slik at dei fleste varene vart frakta til stranda, i staden for å bli levert på kaien. Ei ny hamn vart bygd 15 km nordvest for byen av dei tyrkiske styresmaktene, med ei lita toglinje inn til Al Hudaydah, og vidare knytt til Sana-Hodeida-banen. Eit fransk selskap bygde jernbaneen, men arbeidet stoppa då den italiensk-tyrkiske krigen braut ut. I 1909 tok hamna i mot mindre varer enn hamna i Jidda. Det året vitja 172 dampskip hamna. Dei fleste varene vart frakta til Storbritannia, Italia, Russland og Tyskland.[4]

Byen var kjend for å produsere stripete bomullstekstilar. Handverkarane som laga tekstilane vart flytta til Zabīd og Beit el-Faki på grunn av stammekonfliktar.[5] Byen var òg eit senter for garving og sandalmaking.[5]

Seint på 1800-talet vart det frakta mykje kaffi ut frå Al Hudaydah, men denne eksporten vart flytta til Aden tidleg på 1900-talet.

KjelderEndra

  1. Waugh, Sir Telford (1937). Royal Central Asian Journal Volume XXIV part II. s. 313. translating the German account given in the German journal, Orient Rundschau
  2. Ché-Ross, Raimy. MUNSHI ABDULLAH'S VOGAGE TO MECCA: A PRELIMINARY INTRODUCTION AND ANNOTATED TRANSLATION. Indonesia & the Malay World; Jul2000, Vol. 28 Issue 81, p196
  3. 3,0 3,1 Saudi-led warplanes hit Yemeni port, aid group sounds alarm, Reuters, 18 August 2015
  4. Prothero, G.W. (1920). Arabia. London: H.M. Stationery Office. s. 70. 
  5. 5,0 5,1 Prothero, G.W. (1920). Arabia. London: H.M. Stationery Office. s. 99. 

BakgrunnsstoffEndra