Alain Giresse

fransk fotballspelar

Alain Jean Giresse (fødd 2. august 1952) er ein fransk tidlegare fotballspelar frå Langoiran i Gironde som i 1984 vart europameister med Frankrike. 163 cm høge Giresse var ein offensiv og målfarleg midtbanespelar som i tida 1982-86 utmerkte seg på det franske landslaget og i klubblaget Girondins Bordeaux. Han vart kåra til årets spelar i Frankrike i 1982, 1983 og 1987.

Alain Giresse
Personleg informasjon
Fullt namn Alain Jean Giresse
Fødselsdato 2. august 1952 (71 år)
Fødestad Langoiran i Frankrike
Høgd 163 cm
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1970—1986 Bordeaux 593 (181)
1986—1988 Marseille 83 (8)
Totalt 676 (189)
Landslag
1974—1986 Frankrike 47 (6)
Trenar for
1995—1998 Toulouse
1998 PSG
1999—2000 Toulouse
2001—2003 FAR Rabat
2004—2005 Georgia
2006—2010 Gabon
2010—2012 Mali
2013—2015 Senegal
2015—2017 Mali
2018—2019 Tunisia
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Klubbspel endre

Giresse fekk plass i fyrsteellevaren til FC Girondins de Bordeaux i 1970, ein plass han hadde i 16 sesongar til 1986. Våren 1984 vart han ligameister med klubben, få veker før han bidrog til at Frankrike vann Fotball-EM på heimebane. Bordeaux forsvarte ligatittelen i 1985. I mai 1986 var Giresse med å vinne den nasjonale cupmeisterskapen. Med sine 158 mål på 520 seriekampar er han Bordeauxs beste målskytar nokon gong. Sommaren 1986 gjekk han til Olympique Marseille, der han spelte fast til han la opp i 1988.

Landslagsspel endre

Landslagsdebuten fekk Giresse mot Polen i september 1974, men dei neste sju åra fekk han berre nokre få landskampar. Derimot var han frå hausten 1981 eit fast innslag på midtbana, ei midtbane som elles bestod av Michel Platini i den mest offensive rolla, Jean Tigana og i ein meir defensiv posisjon, Luis Fernández, ofte omtala som «Carre Magique» (det magiske kvadratet). Under VM i fotball 1982 i Spania skåra Giresse to gongar mot Nord-Irland, medan han i semifinalen mot Vest-Tyskland la på til 3–1 i ekstraomgangane, ein kamp der vesttyskarane sidan utlikna til 3–3, for så å vinne straffesparkskytinga, ei skyting der Giresse sette inn den fyrste straffa. Han stod over bronsefinalen då Frankrike måtte tole tap mot Polen. To år seinare spelte han alle kampane då Frankrike på heimebane vann den fyrste store meistertittelen i fotball, i EM-finalen i Paris sigra vertslandet med 2-0 over Spania. Under verdsmeisterskapen 1986 i Mexico spelte han sine siste landskampar, i den aller siste, semifinalen mot Vest-Tyskland i Guadalajara, vart han teken av bana i andre omgang. Han spelte såleis ikkje bronsefinalen mot Belgia, der landslagskameratane sikra fransk bronse etter 4-2. Giresse var med i 47 landskampar og skåra seks mål.

Merittar endre

  • Europameister: 1984 for Frankrike
  • VM-bronse: 1986 for Frankrike
  • Fransk seriemeister: 1984 og 1985 med Girondins Bordeaux
  • Fransk cupmeister: 1986 med Girondins Bordeaux

Kjelder endre