Gironde

franske departement
For elvemunningen med same namn, sjå elvemunningen Gironde
Gironde
Våpenskjoldet til Gironde
Plassering
Plasseringa til Gironde i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 33
Region: Aquitaine
Préfecture: Bordeaux
Sous-préfectures: Blaye
Langon
Lesparre-Médoc
Libourne
Arrondissement: 5
Kantonar: 63
Kommunar: 542
Président du conseil général: Philippe Madrelle
Statistikk
Folketal Rangering 9.
 -1999 1 287 334
Folketettleik: 129/km²
Landareal¹: 10 000 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Gironde (oksitansk: Gironda, poitevin-saintongeais: Jhirunde) er eit departementet sørvest i Frankrike ved kysten av Biscayabukta. Departementet ligg i regionen Aquitaine, og er kalla opp etter elvemunningen med same namn.

Historie endre

Gironde er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av dei tidlegare provinsane Guyenne og Gascogne.

Frå 1793 til 1795 vart namnet på departementet endra til Bec-d'Ambès for å unngå og verte assosiert med revolusjonspartiet Girondinarane.

Geografi endre

Departementet er i dag ein del av regionen Aquitaine og grensar til departementa Landes, Lot-et-Garonne, Dordogne, Charente og Charente-Maritime, i tillegg til Atlanterhavet i vest. Med eit areal på 10 000 km² er Gironde det største departementet i den europeiske delen av Frankrike.

Området er kjent for stranda Côte d'Argent, som er den lengste i Europa, og som trekkjer til seg mange surfarar til Lacanau kvart år.

Demografi endre

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Girondins.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gironde