When the Wind Blows

(Omdirigert frå Albumet When the Wind Blows)

When the Wind Blows er ein animert film som kom ut i Storbritannia i 1986. Filmen er basert på den grafiske novella med same namn av Raymond Briggs. Filmen var regissert av Jimmy Murakami og hadde stemmer av John Mills og Peggy Ashcroft.

When the Wind Blows
RegiJimmy Murakami
ManusRaymond Briggs (òg grafisk novelle)
Basert påWhen the Wind Blows Sjå dette på Wikidata
MedverkandeSir John Mills
Dame Peggy Ashcroft
MusikkRoger Waters
David Bowie
Utgjevingsdato24. oktober 1986
Lengd80 minutt min.
OpphavslandStorbritannia
SpråkEngelsk

Filmen var det andre samarbeidet til Briggs med TVC, etter at dei hadde laga The Snowman i lag i 1982. Han vart distribuert av Recorded Releasing i Storbritannia og Kings Road Entertainment i USA. Ein oppfølgjar av Briggs, Ethel and Ernest (1998), gjorde det klart at Briggs baserte hovudpersonane i When the Wind Blows på hans eigne foreldre.

When the Wind Blows er ei blanding av teikna animasjon og «stop-motion»-animasjon. Hovudrollene Jim og Hilda Bloggs er teikna, medan heimen deira og dei fleste lekamane er verkelege ting som sjeldan vert flytta, men som vert animert med «stop motion» når dei vert.

Filmmusikken inneheld musikk av Roger Waters og David Bowie (som song tittelsongen), Genesis, Squeeze og Paul Hardcastle.

OppsummeringEndra

When the Wind Blows omhandlar eit atomåtak på Storbritannia frå Sovjetunionen sett frå det pensjonerte paret, Jim og Hilda Bloggs. Familien Blogg lever i landlege Sussex og er forvirra omkring omstendet og kor alvorleg situasjonen deira er. Denne forvirringa vert stundom nytta til å skape ein lett komedie, i tillegg til mørkare element. Etter kvart som filmen går framover vert ting stadig meir håplause då paret vert råka av effektane av strålingssjuke. Filmen sluttar særs dyster, medan paret bed i tilfluktsrommet sitt før dei døyr.

Heilt mot slutten av rulleteksten kan ein høyre ein morsekode som stavar «MAD».

FilmmusikkEndra

When the Wind Blows
Filmmusikkalbum av Forskjellige artitar, Roger Waters og The Bleeding Heart Band
Utgjeve 16. mai 1986
Innspelt Vintere 1985
Lengd 45:36
Selskap Virgin Records
Produsent Roger Waters
David Bowie
Hugh Cornwell
Peter Hammond
Paul Hardcastle
Squeeze
Roger Waters-kronologi
The Pros and Cons of Hitch Hiking
(1984)
When the Wind Blows Radio K.A.O.S.
(1987)


Singlar frå When the Wind Blows
  1. «When the Wind Blows»
    Utgjeve: 27. oktober 1986
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [1]

InnhaldEndra

Filmmusikkalbumet er delt i to, der Roger Waters og The Bleeding Heart Band framfører alle songane på side B av den opphavlege B-sida, medan resten av albumet er andre artistar. David Bowie skreiv tittelsporet og Genesis ein instrumental, «The Brazilian», som bere finst her.

På somme versjonar av albumet vert alle Roger Waters-songane sett i saman til eitt enkelt spor på 24 minuttar. Teksten til avslutningssongen «Folded Flags» inneheld ein referanse til songen «Hey Joe» og tekstlinjene «Hey Joe, where you goin' with that gun in your hand?», der Waters syng «Hey Joe, where you goin' with that dogma in your head?»[2]

Side 1
Nr.TittelLåtskrivar(ar)ArtistLengd
1.«When the Wind Blows»Bowie, Erdal KizilcayDavid Bowie03:35
2.«Facts And Figures»Edgar SampsonHugh Cornwell4:19
3.«The Brazilian»Tony Banks, Phil Collins, Mike RutherfordGenesis4:51
4.«What Have They Done?»Chris Difford, Glenn TilbrookSqueeze3:39
5.«The Shuffle»HardcastlePaul Hardcastle4:16

Alle songar er skrivne av Roger Waters og framført av Wates og The Bleeding Heart Band.

Side 2
Nr.TittelLengd
6.«The Russian Missile»0:10
7.«Towers of Faith»7:00
8.«Hilda's Dream»1:36
9.«The American Bomber»0:07
10.«The Anderson Shelter»1:13
11.«The British Submarine»0:14
12.«The Attack»2:53
13.«The Fall Out»2:04
14.«Hilda's Hair»4:20
15.«Folded Flags»4:51

MedverkandeEndra

The Bleeding Heart BandEndra

KjelderEndra

  1. «Allmusic review». 
  2. «When The Wind Blows lyrics». Roger Waters International Fan Club. Henta 8. mars 2011. 

BakgrunnsstoffEndra