Alcohol You

song frå 2020 med Roxen
«Alcohol You»
Song av Roxen
Land Romania
Språk Engelsk
Utgjeve 21. februar 2020
Sjanger Elektropop
Lengd 02:55
Selskap Global
Låtskrivar(ar) Ionuț Armaș, Viky Red, Breyan Isaac

«Alcohol You» (norsk 'alkohol deg') er ein engelskspråkleg elektropopsong frå 2020 med den rumenske songaren Roxen. Songen er skriven av Ionuț Armaș, Viky Rei og Breyan Isaac, og han vart utgjeven 21. februar 2020. «Alcohol You» vann den rumenske songtevlinga Selecția Națională 2020 og skulle ha vore det rumenske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]

Om songen endre

Breyan Isaac og Ionuț Armaș skreiv teksta til «Alcohol You», og sistnemnde komponerte melodien saman med produsenten Viky Red.[2] Det rumenske plateselskapet Global Records slapp «Alcohol You» for digital nedlasting 21. februar 2020. Songteksta tek for seg kjensler som tristleik, fortviling, håp og nostalgi, og den rumenske kringkastaren TVR kalla songen for ein «ekte hymne om universell kjærleik».[3]

Musikkvideo og promotering endre

Ein musikkvideo til «Alcohol You» vart regissert av Bogdan Păun og lasta opp på YouTube på utgjevingsdagen 21. februar 2020. Alexandru Murașan var sjefsfotograf, medan Mihai Sighinaș stod for grafikken, og selskapet Loops Production stod for produksjonen.[4]

Eurovision Song Contest endre

Nasjonal utveljing endre

I januar 2020 kunngjorde den rumenske ålmennkringkastaren TVR at han samarbeidde med plateselskapet Global Records om å finne det rumenske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland.[5] 11. februar vart songaren Roxen kunngjord som landets artist.[6] Ho fekk fem låtar å velje mellom: «Alcohol You», «Beautiful Disaster», «Cherry Red», «Colors» og «Storm» – alle skrivne under ein låtskrivarleir i 2019. Roxen framførte låtane i den nasjonale songtevlinga Selecția Națională 2020 – det rumenske svaret på Melodi Grand Prix. Finalen vart arrangert 1. mars 2020, og vinnarlåten vart kåra av ein jury og telefonrøyster.[7][8] Både juryen og sjåarane hadde «Alcohol You» som favoritt, og dimed vann han tevlinga og vart det rumenske bidraget til Eurovision Song Contest 2020.[9]

Avlysinga av Eurovision Song Contest endre

Eurovision Song Contest 2020 skulle ha funne stad i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland, og tevlinga skulle ha bestått av to semifinalar 12. og 14. mai, og dessutan finalen laurdag 16. mai 2020.[10] Under ei trekning i januar 2020, vart Romania trekt til å delta i den fyrste semifinalen tysdag 12. mai.[11] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[12] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Utgjevingshistorikk endre

Region Dato Format Merke Ref.
Diverse 21. februar 2020 Digital nedlasting, strøyming Global

Kjelder endre

  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. «Roxen – Alcohol You (Lyric Video)». YouTube. 21. februar 2020. Henta 2. mars 2020.  Merk: Åpne beskrivelsen for å se låtskriverne.
  3. «Alcohol You, piesa câștigătoare la Selecția Eurovision 2020» [Alcohol You, the winning song at the 2020 national final] (på rumensk). Societatea Româna de Televiziune. 1. mars 2020. Henta 1. mars 2020. 
  4. «Roxen – Alcohol You (Lyric Video)». YouTube. 21. februar 2020. Henta 2. mars 2020.  Merk: Åpne beskrivelsen for å se låtskriverne.
  5. «TVR și Global Records, parteneri pentru Eurovision Song Contest 2020» [TVR and Global Records, partners for the 2020 Eurovision Song Contest] (på rumensk). Societatea Româna de Televiziune. 31. januar 2020. Henta 31. januar 2020. 
  6. «Roxen will represent Romania at the Eurovision Song Contest 2020». EBU. 11. februar 2020. Henta 11. februar 2020. 
  7. «Romania to combine internal selection and public vote for 2020». EBU. 31. januar 2020. Henta 31. januar 2020. 
  8. «Eurovision 2020: "Alcohol You", piesa cu care Roxen va reprezenta Romania» [Eurovision 2020: "Alcohol You", the song Roxen will represent Romanian with]. Ziare (på rumensk). 2. mars 2020. Henta 2. mars 2020. 
  9. «Romania: 'Alcohol You' is the song for Roxen». eurovision.tv. 1. mars 2020. Henta 2. mars 2020. 
  10. «Eurovision Song Contest Rotterdam 2020». EBU. Henta 1. februar 2020. [daud lenkje]
  11. Groot, Evert (28. januar 2020). «Which country performs in which Eurovision 2020 Semi-Final». EBU. Henta 1. februar 2020. 
  12. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  13. Digital utgivelse av «Alcohol You» i forskjellige land: