Aldus Manutius

(Omdirigert frå Aldo Manuzio)

Aldo Manuzio, latinisert til Aldus Manutius, (14506. februar 1515) var ein italiensk humanist, forleggjar og boktrykkar som grunnla boktrykkarhuset Manutius i Venezia. Han er kjend for mange typografiske nyvinningar, som kursiv, standardiserte bruk av komma og semikolon og spreidde idéar som danna grunnlag for humanismen på 1500-talet. Manutius er kjend for sine vakre utgåver av klassiske verk på gresk og latin, samstundes som han skapte berbare, overkommelege bøker ved å trykka store opplag i eit passande format. Han trykte også meir samtidig litteratur, som La Divina Commedia av Dante. Den best kjende boka han trykka var den illustrerte romanen Hypnerotomachia Poliphili av Francesco Colonna frå 1499.

Aldus Manutius

Statsborgarskap Republikken Venezia, Kyrkjestaten
Fødd 1449
Bassiano
Død

6. februar 1515 (64 år)
Venezia

Yrke typograf, forleggjar, tutor, typograf, trykker, redaktør
Språk italiensk, latin
Medlem av Accademia Aldina
Ektefelle Maria Torresano
Aldus Manutius på Commons
Aldus Manutius måla av Bernardino Loschi i 1510.

Liv endre

Aldo Pio Manuzio var fødd i Sermoneta ved Roma i 1450. Han fekk utdanning i latin og gresk under Gasparino da Verona i Roma og Guarino da Verona i Ferrara. Frå 1482 fortsette studiane av gresk i Mirandola hjå vennen Giovanni Pico. Han fekk seinare stilling som privatlærar for nevøane til Pico, prinsane av Carpi, og seinare fleire andre adelege søner.

Manuzio sette seg som mål å redda den klassiske greske litteraturen for ettertida ved å få dei viktigaste verka trykte. Med støtte frå prins Alberto Pico fekk han sett opp ei trykkepresse i Venezia. Her samla han rundt seg en stab av greske lærde. Han gjorde gresk til arbeidsspråket i verksemda, og brukte også gresk privat. På eit tidspunkt hadde hain hele tretti greske skriftlærde og handverkarar buande. Det første verket, av Aristoteles, blei trykt i 1495. Krig og ufred sette ei tid ein stoppar for forlagsverksemda, men ho kom i gang att i 1513.

For å oppmuntra til studiar av språk, dikting og kultur frå antikken grunnla Manuzio i 1502 eit akademi som han kalla «Nytt akademi». Eit av dei mest kjende medlemmene der var Erasmus frå Rotterdam.

I 1505 gifta Aldo Manuzio gifta seg med Maria, dottera til Andrea Torresano av Asola. Torresano var også eigaren av ei trykkeri, og verka Manuzio gav ut brukte deretter både namna Aldus og Asolanus. Etter at Manuzio døydde i 1515, dreiv Torresano og sønene hans trykkeriet medan borna til Manuzio var små. Sonen Paulus Manutius tok seinare over trykkeriet.

Utgjevingar endre

 
Side frå ei Manutius-bok med bumerket og namnet «Aldus» skrive rundt.
 
Manuzios utgave av Aristoteles, 1495-98 (Libreria Antiquaria Pregliasco, Torino)
 
Ei side frå Hypnerotomachia Poliphili

Som trykkar nytta han den latinske forma av namnet sitt, Aldus Manutius. Bøkene gjevne ut av Manutius og etterfølgjarane hans er kjende som «aldinar». Trykkeriet nytta eit anker med ein delfin rundt som bumerke. Mottoet knytt til merket er «festina lente», 'skund deg sakte'. Sonen til Manutius, Paulus Manutius (1512–74), og sonesonen Aldus Manutius den yngre (1547–97), fortsette trykkinga under dette bumerket og mottoet.

Frå 1495 til 1498 gav Manutius ut fem band med verka til Aristoteles'. Han gav ut ni komediar av Aristofanes i 1498, verk av Thukydides, Sofokles og Herodot i 1502, Xenofon og Euripides i 1503 og Demosthenes i 1504. I 1509 kom eit bind med arbeid av Plutark.

Manutius gav ut skriftene til Platon i 1513, og i 1514 Pindar, Hesykhios frå Milet og Athenaios. Då han døydde i 1515 var han i gang med den første trykte omsetjinga av Septuaginta (hovudsakleg Det gamle testamentet på gresk). Dette blei utgitt posthumt i 1518. I tillegg til dei nemnde verka, som alle var fyrsteutgåver, stod Manuzio bak ei lang rekkje opptrykk av manuskript som var vortne trykt i andre italienske byar på same tid.

Forlaget til Manutius gav ut fleire romerske og italienske klassikarar, mellom anna dei samla verka til Polizianio, Divina commedia av Dante, dikta til Francesco Petrarca, ei samling latinske dikt frå tidleg kristen tid, breva til Plinius, Quintilian og Valerius Maximus – alt i anten førsteutgåve eller med ein til då ukjend kvalitet i papir og typar.

Til dei latinske og italienske utgåvene fekk han utvikla eit elegant skriftsnitt som fekk namnet hans (aldinsk), i dag betre kjend som kursiv. Snittet skal ha vore modellert over handskrifta til Petrarka, men blei i alle høve skorne av Francesco Griffo, og er framleis eit førebilete for skrifttypar. Hensikten med denne typen var å få ei smal og slank skrift til bøker i oktavformat, som Manutius var den første til å trykka. Som trykkar og forleggjar var han ikkje bere opptekeen av at bøkene skulle vera vakre og oppfylla strenge handverksmessige mål; dei skulle også ha ein overkommeleg pris.

Bakgrunnsstoff endre

  • Lowry, Martin: The world of Aldus Manutius. Business and scholarship in Renaissance Venice. Oxford 1979.
  • Lowry, Martin J. C.: «Aldus Manutius and Benedetto Bordon. In Search of a Link», i: Bulletin of the John Rylands University Library of Manchester, 66, (1983/1984).
  • Bibliotheca Aldina. A collection of one hundred publications of Aldus Pius Mautius and the Aldine Press, including some valuable Aldine conterfeits. Roma 1991.
  • Aldo Manuzio e l'ambiente veneziano. 1494-1515. (Libreria Sansoviniana, 16. juli – 15. september 1994.) A cura di Susy Marcon e Marino Zorzi.(Venezia 1994)
  • Cooper-Richet, Diana: «La redécouverte des éditions aldines au XIX siècle. Antoine Augustin Renouard, bibliophile, collectionneur et passeur culturel», i: The Renaissance in the Nineteenth Century. Utg. Yannick Portebois. Toronto 2003.
  • Schück, Julius: Aldus Manutius und seine Zeitgenossen in Italien und Deutschland, Hamburg 1862.

Kjelder endre

«Aldus Pius Manutius» i Store norske leksikon, snl.no.