Alexander Archipenko
Alexander Archipenko (30. mai 1887–25. februar 1964) var ein ukrainsk-amerikansk skulptør og grafisk kunstnar.
Alexander Archipenko | |
Fødenamn | ukrainsk Олександр Порфирович Архипенко, Oleksandr Porfyrovitsj Arkhipenko;
russisk Алекса́ндр Порфи́рьевич Архи́пенко |
Pseudonym | Archipenko, Alexandre, Arkhīpenko, Aleksandr, Arkhypenko, Oleksander Porfyrovych |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, USA |
Fødd | 30. mai 1887 Kyiv |
Død |
25. februar 1964 (76 år) |
Yrke | bilethoggar, kunstmålar, grafisk designar, illustratør, fotograf, collagist, designar, bygningstegner |
Språk | russisk |
Sjanger | figure, akt, stilleben, abstrakt kunst |
Medlem av | American Academy of Arts and Letters, Supremus, Q12134810 |
Alexander Archipenko på Commons |
Liv og gjerning
endreArchipenko var fødd i Kiev i Ukraina, den gongen i Tsar-Russland. Han byrja måle i den impresjonistiske stilen, og utvikla seg vidare gjennom stilartar som kubismen og konstruktivismen. Han kom i 1908 til Paris, der han slutta seg til krinsen kring Pablo Picasso, og var ein tidleg talsmann for moderne, framfor alt den kubistiske, skulpturen.
På 1920-talet høyrde Archipenko med mellom dei mest radikale og dristige i utviklinga av skulptur. I verk frå denne tida er naturformene knapt til stades. Store utstillingar av verka hans fann stad i Berlin i 1922 og New York i 1924. Samstundes busette han seg i USA. Seinare vende han tilbake til ei meir røyndomsnær oppfatning av former. Dei vanlegaste materiala i skulpturane hans er stein eller metall.
I 1937 vart verk av Archipenko tek med på nazistane si utstilling i München av det dei kalla Entartete Kunst.
Han døydde i New York.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alexander Archipenko» frå Wikipedia på svensk, den 5. oktober 2013.