Aljosja Popovitsj

Aljosja Popovitsj (russisk Алёша Попович, bokstaveleg 'Aleksej prestesonen') er ein folkehelt i russisk folkeminne, ein bogatyr (ein vandrande riddar) knytt til Kievriket. Han er den yngste av dei tre viktigaste bogatyrane, der dei andre to er Dobrynja Nikititsj og Ilja Muromets. Alle tre er framstilte saman i Viktor Vasnetsov sitt kjende måleri Bogatyrar.

Aljosja Popovitsj

I bylinaer (balladar) er han framstil som ein listig presteson som vinn ved å lura og overlista fiendane sine. Han overvann draken Tugarin Zmejevitsj ved hjelp av lureri.

Personlegdom endre

 
Lubok av Aljosja Popovitsj.
 
Bogatyrar (1898) by Viktor Vasnetsov. Aljosja Popovitsj er avbilda til høgre.

Aljosja Popovitsj er «kjend for sluskapen, smidigheiten og oppfinnsamheita si, kan lika moro, blir nokre gonger framstilt som ein ‘hånar av kvinner’, og kan tidvis vera ein løgnar og lurendreiar,» ifølgje James Bailey.[1]

Av fornærmingane hans kan ein nemna at han gjer narr av kor glupsk Tugarin er[2][3] og at han fornærmar ei utru prinsesse.[4] Som døme på lureri narra han Tugarin ved å forkle seg som ein døv pilegrim for å kunna nærma seg Tugarin utan mistanke.[5][6] Deretter speler han eit peik mot væpnaren sin ved å bruka Tugarin si mangefarga kappe,[a][5] til å lura væpnaren til å tru at det var Tugarin som drog mot Kiev som sigerherre.

Aljosja Popovitsj og Tugarin endre

Bylinaen «Aljosja Popovitsj» finst i fleire versjonar. Det finst også ein prosaversjon av ein bylina (Afanasjev nr. 132 i Narodnye russkije skazki).[7][8][9] Soga kan oppsummerast slik:

Aljosja Popovitsj og væpnaren hans, (Jekim[10] Marysjko Paranov[11]) reiser frå Rostov til Kiev og blir ønskte velkomen av fyrst Vladimir. Det blir halde ein bankett der Tugarin Zemejevitsj seinare kjem og oppfører seg udanna. Tugarin har ingen bordskikk, fornærmar fyrsten, og et heile rundar med brød og ei heil svane i store munnfullar. Aljosja Popovitsj gjer narr av Tugarin med ein anekdote om ei ku som et for mykje og blir kvelt, eller drikk for mykje og sprekk. Tugarin kastar ein kniv mot Aljosja, men Jekim fangar han. Aljosja seier at no har han ein kniv til å skjera ut hjartet til Tugarin med, men gjer ikkje noko meir.[12][13]

Neste dag blir Aljosja utfordra av Tugarin til tvikamp på ei slette, men Tugarin bruker vengene sine til å fly opp i lufta. Dette blir vanlegvis sett på som at Tugarin tek form av ein drake med venger.[14] Men ved eit høve blir det sagt at vengene ikkje voks ut frå Tugarin, og Aljosja ser papirvenger feste til hesten hans.[15] I alle høve ber Aljosja til Guds mor[3] og Frelsaren[15] om regn til å gjera Tugarin sine venger våte. Tugarin kan ikkje halda seg i lufta meir, og dei to byrjar å kjempa på bakken.

I prosaversjonen av soga, etter at klubbene deira er knuste og lansane splintra, gjer Aljosja gjer slutt på Tugarin med ein kniv frå tidlegare, og skjer av han hovudet[16] I bylinaen brukt som døme her slår Aljosja av hovudet til Tugarin med ein stav (russisk палица) som veg 90 pud og som han fekk då han bytta klede med ein pilegrim.[15]

Aljosja skjer kroppen til Tugarin i bitar, set hovudet hans på eit spyd og presenterer det for hoffet til fyrst Vladimir.[17]

Bylinaen brukt til oppsummeringa over er nr. 85 i N.E. Ontsjukov (1904).[b]

Nokre versjonar av soga hintar om at kona til Vladmir, prinsesse Apraxia (Apraksevna osb.) er blitt fullstendig forført av «unge Tugarin Zemejevitsj»,[18] og klandrar Aljosja for å ha teke den «kjære vennen» hennar frå henne mot enden av song, som i lang versjon av Kirsja Danilov.[19][20] Aljosja svarar henne slik: «Ver helsa, prinsesse Apraksejevna! Eg kalla deg nesten ei tispe, ei tispe og ei lauslive taus! Der er soga for deg, og der er dåden».[4][c]

Merknadar endre

  1. Russian: "Платья с него снимал цветное на сто тысячей (v. 121).
  2. Samla i Arkhangelsk oblast.
  3. Hapgood does not use the offending word but uses the circumlocution "the name which thou hast merited".

Kjelder endre

  1. Bailey & Ivanova 1998, s. 121.
  2. Bailey & Ivanova 1998, s. 127.
  3. 3,0 3,1 Magnus (tr.) 1916, s. 167.
  4. 4,0 4,1 Mann, Robert (1986), Russian apocalypse: songs and tales about the coming of Christianity to Russia, Coronado Press, s. 64, ISBN 9780872911727 
  5. 5,0 5,1 Hapgood (tr.) 1886, s. 91.
  6. Chadwick 1932, s. 78.
  7. Afanas'ev, "312. Alyosha Popovich", (Haney 2015)
  8. "Alyósha Popóvich", (Magnus (tr.) 1916, s. 165–169)
  9. (Magnus (tr.) 1916), p. 165, note 1.
  10. Bailey & Ivanova 1998, s. 121–122.
  11. Asfanayev, (Magnus (tr.) 1916, s. 167)
  12. Bailey & Ivanova 1998, s. 121–127.
  13. Magnus (tr.) 1916, s. 165–167.
  14. (Chadwick 1932, s. 74): "the monster Tugarin, who is generally represented as a winged dragon."
  15. 15,0 15,1 15,2 Bailey & Ivanova 1998, s. 128.
  16. Magnus (tr.) 1916, s. 168.
  17. Bailey & Ivanova 1998, s. 121–129.
  18. (Alexander 1973, s. 78): "The amorous Tugarin deprives Vladimir of his wife".
  19. «Древние Российские стихотворения, собранные Киршею Даниловым/Алёша Попович». Алёша Попович. 
  20. Chadwick 1932, s. 79.

Texts

Studies