Bogatyr er ein fast figur i austslaviske legender (bylina, helteepos) frå mellomalderen. Han er mykje lik den vesteuropeiske litterære mellomalderfiguren «vandrande riddar».[1][2] I sogene er bogatyrar særs mektige krigarar som er fulle av mot, og sjeldan bruker magi til å slost mot fiendane sine.[3]

Luboktrykk av bogatyren Usynja Gorynytsj
Krigarheltane Dobrynja Nikititsj (russisk Добрыня Никитич), Ilja Muromets (Илья Муромец) og Aljosja Popovitsj (Алёша Попович) framstilt saman i Viktor Vasnetsov sitt kjende måleri 'Bogatyrane' frå 1898.

Sjølve ordet «bogatyr» (russisk богатырь, gammalaustslavisk богатырь, ukrainsk богатир) er eit lånord som truleg er kome frå persisk via tyrkisk og kan omsetjat med 'helt'. Det russiske ordet богатырь (bogatýr’) er avleidd frå tyrkisk, truleg khazar, frå det gammaltyrkiske bagatur ('helt'), igjen avleidd frå urtyrkisk *bAgatur ('helt'), moglegvis frå uraltaisk mi̯àga ('æra, lovprisa').[4]

Nokre bogatyrar reknar ein med er verkelege historiske personar, medan andre er reine sogeskikkelsar som kan stamma frå gammal slavisk mytologi, til dømes kjempa Svjatogor (Святого́р).

Den sovjetrussiske raude hæren si spisse klaffelue bogatyrka («bogatyrlue») var inspirert av dei spisse krigarhjelmane med ringbrynjekapper som bogatyrane brukte.

Kjelder endre

  1. «богатир» i: Etymologisk ordbok for det ukrainske språk, «Naukova Dumka», Det ukrainske vitenskapsakademi, Kiev 1982 (ukrainsk)
  2. «богатырь» i: Vasmers Etymologiske ordbok (russisk)
  3. Bailey, James; Ivanova, Tatyana (1998). An Anthology of Russian Folk Epics. New York: M.E. Sharpe. 
  4. Han-Woo, Choi (2005): «A Study of the Proto-Turkic tor 'general'» Arkivert 2021-07-20 ved Wayback Machine. (PDF) i: International Journal of Central Asian Studies, bind 10-11, ISSN 1226-4490, s. 220