All the Young Dudes

All the Young Dudes
Singel av Mott the Hoople
frå albumet All the Young Dudes
B-side

«One of the Boys»

Språk engelsk
Utgjeve Juli 1972
Innspelt Mai 1972
Sjanger Glamrock
Lengd 3:32
Selskap Columbia Records
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie
Mott the Hoople-kronologi 
«Downtown»
(1971)
All the Young Dudes «One of the Boys»
(1972)


«All the Young Dudes» er ein song skriven av David Bowie, opphavleg spelt inn og gjeven ut på singel av Mott the Hoople i 1972. NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray skildra songen som «av sjeldan vare: rockesongar som lovpriser solidaritet for dei misnøgde utan liding eller sentimentalitet».[1] I 2004 rangerte Rolling Stone «All the Young Dudes» på 256. plass på lista deira over dei 500 beste songane gjennom tidene. Han vart òg med på lista til The Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll. Han er òg på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.

Komposisjon endre

Songen vert rekna som ein av glamrock-hymnene,[1][2] og kom til etter at Bowie kom i kontakt med bassisten i Mott the Hoople, Peter Watts og fekk vite at bandet var i ferd med oppløysast fordi dei mangla kommersiell suksess. Då Mott først avslo den første songen han tilbaud dei, «Suffragette City» (frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars), skreiv Bowie «All the Young Dudes» kort tid etter spesifikt for dei, visstnok sittande med beina i kross på eit golv i eit rom i Regent Street i London, føre frontmannen i bandet, Ian Hunter.[3]

Med den sørgjesong-liknande musikken, referansar til ungdom som tar sjølvmord og rop til eit imaginært publikum, hadde songen likskapar med Bowie sin eigen «Rock 'n' Roll Suicide», det siste sporet på Ziggy Stardust. Skildra for å vere for glamrock det «All You Need Is Love» var for hippie-tida, nemner teksten stjerner som T.Rex og referansar til The Beatles og The Rolling Stones («My brother's back at home with his Beatles and his Stones/We never got it off on that revolution stuff») i «eit trøytt slag mot den tidlegare generasjonen».[3]

Bowie sjølv hevda ein gong at songen ikkje var meint som ein glam-hymne, og at han faktisk bar ei mørkare melding om apokalypsen. I følgje eit intervju Bowie gav Rolling Stone i 1973, kjem gutane med dei same nyhendene som nyhetsopplesaren i songen «Five Years» frå Ziggy Stardust; nyhenda er at jorda berre har fem år att før ho går under. Bowie forklarer: «'All the Young Dudes' er ein song om denne nyhenda. Det er ingen hymne til ungdomen som folk trur. Det er faktisk akkurat det motsette»[4]

Utgjeving og etterverknad endre

Singelen til Mott the Hoople kom ut i juli 1972 og nådde tredjeplassen i Storbritannia[5], 37. plassen i USA og 31. plassen i Canada, og kom ut på albumet deira med same namn i september same året. I november 1972 introduserte Bowie songen på scenen i Tower nær Philadelphia og framførte songen med Hunter (gjeven ut på All the Way from Stockholm to Philadelphia i 1998 og på den utvida versjonen av All The Young Dudes i 2006).

Teksten måtte endrast på den originale Mott the Hoople-utgåva for å få songen spelt på britisk radio og TV. Linja i det andre verset: «Wendy's stealing clothes from Marks and Sparks» var ein referanse til den britiske butikkkjeda Marks & Spencer. Derfor braut songen reklamereglane som var på BBC på den tida. Linja vart erstatta med «Wendy's stealing clothes from unlocked cars». I dag er begge versjonane lovlege.

I 1992, tjue år etter duetten deira i Philadelphia, framførte Bowie og Hunter songen i lag igjen, i lag med dei gjenlevande medlemmane i Queen, Mick Ronson og Joe Elliott og Phil Collen frå Def Leppard under Freddie Mercury Tribute Concert. Bowie byrja å spele «All the Young Dudes» på 1973-turneen hans, og ein versjon i ein medley finst på albumet Ziggy Stardust - The Motion Picture, konsertopptaket av den siste Ziggy-konserten som kom ut i 1983. Han vart òg spelt på Outside-turneen i 1995-1996, samt på A Reality Tour i 2003-2004 og kan høyrast på DVD med same namn.

Bowie sin eigen studioversjon frå desember 1972[6], spelt inn under innspelinga av Aladdin Sane, kom ikkje ut før 1994 i mono på det halvoffisielle albumet RarestOneBowie. Han vart sidan gjeven ut på The Best of David Bowie 1969/1974, igjen i mono, og på 30th Anniversary edition av Aladdin Sane, samt på den doble amerikanske versjonen av Best of Bowie. Ein stereoversjon finst uoffisielt blant samlarar. Den første versjonen til Bowie kom ut i 1974 på David Live. Bowie nytta òg musikken frå songen baklengs som grunnlag for songen «Move On» på albumet Lodger frå 1979.

«All the Young Dudes» vart nytta i filmen Clueless frå 1994, Jason Reitman-filmen Juno frå 2007 og filmen The Wackness frå 2008. Han vart òg nytta i Ricky Gervais- og Stephen Merchant-filmen Cemetery Junction i 2010.[7]

Medverkande endre

Coverversjonar endre

«All the Young Dudes» har vorte spelt av mange andre artistar, som Bruce Dickinson på albumet Tattooed Millionaire (òg som singel), Ringo Starr (solo), Ozzy Osbourne, Blue Zoo, Angel, Billy Bragg, Mick Ronson, Travis, The Church, Rolf Harris, Cybernauts, Tesla, The F-Ups, World Party, Gene Loves Jezebel, Massive Attack, Mongo, The Smashing Pumpkins (live med Bowie), Cyndi Lauper, Alejandro Escovedo, Switchblade Kittens, The Skids, Judas Priest (live), The New Standards, Jimmy Barnes, Ian Hunter (solo), Enrico Ruggeri, Two Cow Garage, Matthew Sweet & Susanna Hoffs (duett) og John Frusciante & Wavegroup for videospelet Gitar Hero: Aerosmith.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.117
  2. Rolling Stone 500 Songs Arkivert 2008-06-22 ved Wayback Machine.
  3. 3,0 3,1 David Buckley (2005). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.131
  4. Story of the Song All the Young Dudes, arkivert frå originalen 11. desember 2008, henta 3. mai 2011 
  5. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 381. ISBN 1-904994-10-5. 
  6. Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: p.277
  7. «Ricky Gervais on the Cemetery Junction soundtrack». The Guardian. 9. april 2010.