Opna hovudmenyen

Ziggy Stardust - The Motion Picture

Ziggy Stardust: The Motion Picture
Filmmusikk av David Bowie
Utgjeve Oktober 1983
Innspelt Hammersmith Odeon, London, 3. juli 1973
Sjanger Glamrock, hardrock, kunstrock
Lengd 69:31
83:33 (2003-utgåve)
Selskap RCA Records
Rykodisc (1992-utgåve)
EMI/Virgin (2003-utgåve)
Produsent David Bowie, Mike Moran, Tony Visconti (2003-utgåve)
Kritikk
David Bowie-kronologi
Let's Dance
(1983)
Ziggy Stardust: The Motion Picture Tonight
(1984)


Ziggy Stardust: The Motion Picture er eit konsertalbum av David Bowie frå filmen med same namn. Musikken vart spelt inn i Hammersmith Odeon i London den 3. juli 1973, men albumet vart ikkje gjeven ut av RCA Records før 1983. Før dette hadde albumet eksistert som piratopptaket His Masters Voice – Bowie and the Spiders From Mars' Last Stand.[3]

Albumet dokumenterer den siste konserten Bowie spelt som Ziggy Stardust-rolla. Like før den siste songen annonserer han «ikkje berre er dette den siste konserten på turneen, men det er den siste konserten me gjer nokon gong. Tusen takk». Mange i publikum trudde det var Bowie sjølv som gav seg.[4]

Innhaldsliste

Produksjon og utgjevingEndra

D. A. Pennebaker filma konserten og RCA spelte han inn for å gje det ut som eit konsertalbum. Prosjektet vart derimot lagt på hylla av forskjellige årsaker. Mellom anna gjekk det rykte om at Bowie sjølv ønskte å forlate Ziggy, og at kvaliteten på opptaka var dårleg.[5] Dei tenkte seg at RCA truleg ville gje ut materialet før eller seinare, så Bowie og produsent Tony Visconti miksa innspelingane i 1981. Denne miksen har fått mykje kritikk, sjølv om Visconti kalla det «meir ein redningsjobb enn eit kunstnarverk».[6]

Albumet kom til slutt ut i oktober 1983 som ein dobbel-LP. På grunn av plassmangel på LP-formatet, vart fleire songar tekne bort, forkorta eller skyfla om på. «White Light/White Heat» vart gjeven ut på singel i november.

NyutgjevingarEndra

Ziggy Stardust: The Motion Picture har vorte gjeven ut på CD to gonger. Den første var 7. august 1983 av Rykodisc og den andre i april 2003 av EMI/Virgin som 30th Anniversary 2CD Set, med ekstra songar, introduksjonar, sceneprat og den komplette versjonen av «The Width of a Circle». «Changes» vart òg sett inn på rett plass i høve til slik konserten vart spelt etterfølgd av «Moonage Daydream».

I 2003 vart musikken gjeven ut med ein Visconti-miks, som vart rekna som ei stor betring i høve til originalen.[7] Nesten heile konserten vart gjenoppretta utanom om ekstranummera «The Jean Genie/Love Me Do» og «Round and Round» i lag med Jeff Beck. At framføringa til Beck ikkje er med er sagt å vere av honorar-årsaker eller til kjensla til gitaristen. I følgje Tony Visconti passa han ikkje inn i filmen.[7]

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av David Bowie

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Hang on to Yourself»    2:55
2. «Ziggy Stardust»    3:09
3. «Watch That Man»    4:10
4. «Wild Eyed Boy From Freecloud»    3:17
5. «All the Young Dudes/Oh! You Pretty Things»    3:18
6. «Moonage Daydream»    6:17
7. «Space Oddity»    4:49
8. «My Death»  Jacques Brel, Mort Shuman 5:45
9. «Cracked Actor»    2:52
10. «Time»    5:12
11. «Width of a Circle»    9:35
12. «Changes»    3:35
13. «Let's Spend the Night Together»  Mick Jagger, Keith Richards 3:09
14. «Suffragette City»    3:02
15. «White Light/White Heat»  Lou Reed 4:06
16. «Rock 'n' Roll Suicide»    4:20

30th Anniversary 2CD Set (2003)Endra

Disk ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Intro (med Beethovens niande symfoni arrangert og spelt av Wendy Carlos)»  Ludwig van Beethoven 1:05
2. «Hang on to Yourself»    2:55
3. «Ziggy Stardust»    3:19
4. «Watch That Man»    4:14
5. «Wild Eyed Boy From Freecloud»    3:15
6. «All the Young Dudes»    1:38
7. «Oh! You Pretty Things»    1:46
8. «Moonage Daydream»    6:25
9. «Changes»    3:36
10. «Space Oddity»    5:05
11. «My Death»  Brel, Shuman 7:20
Disk to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Intro (med Vilhelm Tell-overturen)»  Gioacchino Rossini 1:01
2. «Cracked Actor»    3:03
3. «Time»    5:31
4. «The Width of a Circle»    15:45
5. «Let's Spend the Night Together»  Jagger, Richards 3:02
6. «Suffragette City»    4:32
7. «White Light/White Heat»  Reed 4:01
8. «Farewell Speech»    0:39
9. «Rock 'n' Roll Suicide»    5:17

MedverkandeEndra


KjelderEndra

  1. http://www.allmusic.com/album/r2481
  2. http://www.allmusic.com/album/r627613
  3. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.116
  4. David Buckley (1999). Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story: s.191
  5. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Op Cit: s.65
  6. "FAQ: David Bowie" at TonyVisconti.com
  7. 7,0 7,1 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: p.320