Almandin
Almandin er det mest utbreidde mineralet i granatgruppa. Det har ein djupraud farge og vert nytta som smykkestein. Den kjemiske samansetnaden er er Fe2+3Al2Si3O12 og finst ofte i metamorfe bergarter (omdanningsbergarter) som glimmerskifer, amfibolitt og gneis. Det kan òg finnast i pegmatittar og kontaktmetamorfe bergarter. Almandin er ein granat i pyralspitt-serien og dannar offer kjemiske blandingsrekker med granatane spessartin og pyrop.
Almandin | |||
| |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Nesosilikat | ||
Kjemisk formel | Fe2+3Al2Si3O12 | ||
Strunz-klassifisering | 09.AD.25 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | raudaktig oransj til raud, lett lillaaktig raud til raudaktig lilla og vanlegvis mørk tone | ||
Kløyv | ingen | ||
Brot | muslig [1] | ||
Mohs hardleiksskala | 7-7,5 | ||
Glans | feittete til glasaktig | ||
Spesifikk vekt | 4,05 (+,25, -,12)[1] | ||
Polert glans | glasaktig til nær diamantaktig [1] | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Enkeltbrytande, og ofte avvikande dobbeltbrytande [1] | ||
Brytingsindeks | 1.790 (+/- .030) [1] | ||
Dobbeltbryting | ingen | ||
Pleokroisme | ingen | ||
Dispersjon (spreiing) | .024 [1] | ||
Ultrafiolett fluorescens | langsam | ||
Absorpsjonsspektrum | vanlegvis ved 504, 520 og 573nm, kan òg ha svake linjer ved 423, 460, 610 og 680-690nm [1] | ||
Kjelder | [2][3][4] |
Store krystall på over 10 cm er blant anna kjent i frå Fauske i Nordland, Nesodden og dessutan mange andre stader i Noreg
Kjelder
endre- Almandin (9. november 2012). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Gemological Institute of America, GIA Gem Reference Guide 1995, ISBN 0-87311-019-6
- ↑ Mindat.org - Almandine
- ↑ Webmineral.com - Almandine
- ↑ Handbook of Mineralogy - Almandine