Almar Heggen

Almar Gunvald Heggen (fødd 25. mai 1933 Valldal, død 22. oktober 2014)[1][2][3] var ein norsk operasongar (bass).

Almar Gunvald Heggen
Fødd25. mai 1933
FødestadValldal
Død22. oktober 2014 (81 år)
DødsstadOppegård
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somsongar, operasongar

Heggen var fødd på garden Heggen i Valldal inst på Sunnmøre.[4] I 1950 byrja han ved Musikkonservatoriet i Oslo og fire år etter kom han i lære hos Morten Vatn. Han debuterte i 1957 i Mateus-pasjonen med Ingrid Bjoner ved Norsk Operaselskap som Don Bajas, men måtte 1957-59 fare med stipend til Wiesbaden og studere hos professor Paul Lohmann[5] og Caiser-Breme i Essen. Heggen var i Wuppertal 1959-60, i Berlin 1960-61, Freiburg 1961-66, Nürnberg 1966-67, München, Frankfurt, Düsseldorf, Köln, Dublin og Stockholm.[6] I 1969 flytta Heggen attende til Noreg og var fast solist ved Den Norske Opera frå 1969 til 1986.

Heggen var busett i Oppegård.[7]

Nokre av Heggen sine rollerEndra

ReferansarEndra

  1. «Almar_Heggen» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Aftenposten, 28.10.2014 (nekrolog).
  3. Aftenposten 25. oktober 2014, s. 53 (dødsannonse).
  4. Paul Einar Vatne (25.5.1993). «Spennende liv på europeiske scener». Aftenposten. 
  5. Grunn og gror. Kultursoge. Norddal bygdebøker. Norddal kommune, 1976.
  6. «Almar Heggen (1933)». Maud Hurum operaoversikt. 
  7. Ættebok for Norddal, utgitt av Norddal kommune, Valldal 1997.