Almuevennen (18481893) var eit norsk illustrert vekeblad, berekna «paa Oplysnings Fremme blandt Menigmand». Det blei grunnlagt av Chr. Johnsen, som då var kjøpmann og stortingsrepresentant fra Stavanger, og sat som eigar av bladet heile tida det kom ut.

I 1850- og 60-åra var bladet blant dei viktigaste media i Noreg, både når det galdt politisk innverknad i folket og økonomisk utbytte. I sine velmaktsdagar, rundt 1870, hadde Almuevennen opplag på 22 000. Seinare gjekk det sterkt tilbake, særleg etter at det konkurrerande bladet Folketidende blei gjeve ut av politikaren Søren Jaabæk frå 1865, og Verdens Gang byrja gjera seg gjeldande frå 1870-åra.

Bladet var opphavleg liberalt, men blei etter kvart meir konservativt, og var etter riksrettstida 1883-84 utprega høgrevennleg.

Christian Holtermann Knudsen var faktor for bladet fram til 1884, då han han anten slutta eller blei beden om det ettersom han ville starte sosialistavisa Vort Arbeide (seinare Dagsavisen).

Almuevennen var også tittelen på to danske tidsskrift (Århus 1839–1859, København 1842–1853).

Kjelder endre