Alpehumle
insektart
Alpehumle eller stor fjellhumle (Bombus alpinus) er ei humle som lever opp til mellomalpin sone i fjellet. Ho har svart pels på mellomkroppen og oransje pels på heile bakkroppen utanom på det fyrste leddet.
Alpehumle | |
Alpehumle Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforskning
| |
Status | |
Status i verda: Sårbar Status i Noreg: Livskraftig[1] | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Årevengjer Hymenoptera |
Familie: | Langtungebier Apidae |
Slekt: | Humler Bombus |
Underslekt: | Alpinobombus |
Art: | Alpehumle B. alpinus |
Vitskapleg namn | |
Bombus alpinus |
Alpehumle er ei av dei største humlene i fjellet og kan ofte finnast på blømande vier om våren. Arten kan finnast ned i bjørkebeltet; men er lite vanleg i låglandet, der han stundom kan finnast langs kysten, særskilt i Nord-Noreg og om våren.
Alpehumle kan forvekslast med polarhumle, ein mindre art. Arbeidarar av alpehumle kan forvekslast med dronningar av sørleg form av lapphumle og dronningar av berghumle.
Alpehumle finst i Fennoskandia, på Kolahalvøya og i Alpane. I Noreg er ho vanleg i fjellet frå nord i Rogaland til Finnmark.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artikkelen Alpehumle - Bombus alpinus skriven av Frode Ødegaard, Jan Ove Gjershaug, Arnstein Staverløkk og Roald Bengtson. Artikkelen vart utgjeven av Norsk institutt for naturforskning under lisensen CC BY 3.0. Henta 3. juli 2016.
- Referansar
- ↑ Ødegaard F, Lønnve OJ, Staverløkk A og Sydenham MAK (24. november 2021). «Vepser: Vurdering av alpehumle Bombus (Alpinobombus) alpinus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022.