Saverne
Saverne (tysk Zabern) er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Bas-Rhin i regionen Alsace, og har om lag 11 000 innbyggjarar. Byen ligg ved foten av Vogesane og 45 km nordvest for Strasbourg.
Saverne | ||
---|---|---|
Chateau des Rohans i Saverne | ||
| ||
Styresmakter | ||
Land Region Departement |
Frankrike Alsace Bas-Rhin | |
Geografi | ||
Flatevidd | 26,01 km² | |
Flatevidd - By |
26,01 km² | |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
11 201 431/km² | |
Koordinatar | 48°44′N 07°22′E / 48.733°N 7.367°E | |
Høgd over havet | 200 m | |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | |
Diverse anna | ||
Postnummer | 67700 | |
Heimeside: www.mairie-saverne.fr |
I 2006 hadde sjølve Saverne eit folketal på 11 907,[1] og helie byområdet med omland hadde 17 482 innbyggjarar.[2]
Historie
endreSaverne vart før i tida kalla Tres Tabernae Cesaris (Cæsar sine tre vertshus), fordi det låg tre vertshus her der reisande ofte byta oksar på grunn av den bratte stiginga opp til Lorraineplatået, og var ein viktig stad i romartida. Etter at staden vart øydelagd av germanske alemannarar vart han bygd opp att på ny av keisar Julian.[3]
Under den tyske bondekrigen vart byen okkupert av opprørarane i 1525, men dei vart drivne ut av Antoine, hertug av Lorraine. Byen vart hardt råka under trettiårskrigen, men bispepalasset som då vart øydelagt, vart bygt opp att like etter. I 1852 vart bygningen omgjort av Louis Napoleon til bustad for enkene til riddarar i Légion d'honneur.
Saverne vart erobra av Tyskland i 1871, og annektert av Frankrike igjen etter den første verdskrigen.
I 1913 fornærma ein tysk offiser ei gruppe alsassiske rekruttar med å kalle dei «Wackes», som er eit svært nedsettande uttrykk for alsassarar. Innbyggjarane i byen demonstrerte, noko som førte til ein overdriven militær motaksjon med ulovlege arrestasjonar. Dette er opphav til uttrykket zabernisme (frå det tyske namnet på byen), som tyder misbruk av militær makt eller ulovleg åtak.
Galleri
endre-
Château des Rohan
-
Kyrkja Notre-Dame-de-la-Nativité
-
Grand'Rue
-
Rådhuset
Kjelder
endre- ↑ Commune : Saverne (67437) Arkivert 2012-04-29 ved Wayback Machine. på INSEE
- ↑ Aire urbaine 1999 : Saverne (297)[daud lenkje] på INSEE
- ↑ Ammianus Marcellinus, Res Gestae XVI.11.11