Alvan & Ahez er eit fransk musikkprosjekt frå Bretagne. Det består av elektromusikaren Alvan (Alexis Morvan-Rosius) og folkevokaltrioen Ahez (Marine Lavigne, Sterenn Diridollou og Sterenn Le Guillou). Alvan & Ahez representerte Frankrike i Eurovision Song Contest 2022 med den bretonskspråklege songen «Fulenn».

Alvan & Ahez
Sjangerelectro, keltisk fusion

Bakgrunn endre

Gruppa vart skipa i 2021, men både Ahez og Alvan har drive med musikk og song i ei årrekkje før dette.

Ahez endre

Vokaltrioen Ahez består av Marine Lavigne, Sterenn Diridollou og Sterenn Le Guillou, som alle møtte kvarandre på ein bretonskspråkleg videregåande skule i Carhaix-Plouguer. Dei tre songarane fullførte skulegangen i språkleg fordjuping og danna vokalgruppa Ahez, der dei framførte musikk og songar på bretonsk. Gruppenamnet er henta frå den bretonske mytologiske skikkelsen Ahez (fransk: Ahès), som i bretonsk kultur vert omtala som både ei gudinne og ei heks.[1] Ahez skriv songer på bretonsk, og tekstene handlar om moderne historier blanda med historiske myter og skikkelsar frå Bretagne.[2]

Gruppa har hatt ei rekkje framsyningar med tradisjonell bretonsk musikk og dans, blant anna på tradisjonelle bretonske folkemusikkfestivalar, kalla Fest-noz. Dei har også opptredd på Festival Interceltique de Lorient og Celtic Connections i Glasgow.[2]

Alvan endre

Alexis Morvan-Rosius (fødd 17. mars 1993) er ein fransk elektromusikar frå Rennes i Bretagne.[3] Han opptrer under artistnamnet «Alvan», som er ei sammentrekking av Alexis Morvan. Han byrja å lage musikk i 2011, og fire år etter bestemde han seg for å avslutte jobben i helsevesenet og i staden satse for fullt på musikken.[3] De påfølgjande åra gav han ut ei rekke singlar og remiksar, og i 2016 vann han BPM Contest, en tevling for ferske og kommqnde artistqr.[3] Dette gav han ein platekontrakt med Elektra Records France. Han har sidan spela på ei rekkje festivalar, blant anna Rencontres Trans Musicales i 2021, og han har varma opp for artistar som Ofenbach og Petit Biscuit.[4]

Samarbeid og Eurovision Song Contest endre

Seint i 2021 møtte Alvan og Marine Lavigne frå Ahez på ein bar på Place Sainte-Anne i Rennes.[5] Lavigne fortalde om det keltisk-bretanske musikkprosjektet til gruppa. Alvan, som sjølv ikkje snakkar bretonsk, hadde sjølv gått med ein liknande idé og hadde fleire demoar og musikkproduksjonar liggjande.[5] Dei fire musikarane starta eit samarbeid og produserte blant anna låten «Fulenn» (gneist) som dei sende inn til den franske uttakinga til Eurovision Song Contest.[6]

Tv-kanalen France 2 plukka ut låten til å delta i songtevlinga Eurovision France, c'est vous qui décidez! (norsk: Eurovision Frankrike, det er du som avgjer!). Vinnaren av tevlinga fekk representere Frankrike i Eurovision Song Contest. I finalen laurdag 5. mars 2022 vann Alvan & Ahez tevlinga etter å ha fått flest poeng frå både jury og tv-sjåarar. Dei fekk dimed representere Frankrike i finalen av Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia laurdag 14. mai.[7][8] I finalen enda dei på nest sisteplass av 25 bidrag.[9]

Dette var andre gongen, og fyrste gongen sidan 1996, at Frankrike deltok i Eurovision Song Contest med eit bidrag på bretonsk.[10]

Kjelder endre

  1. «Ahes». Oxford Reference (på engelsk). doi:10.1093/oi/authority.20110803095357195. Henta 6. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 «Alvan & Ahez to represent France at Eurovision 2022 with "Fulenn"». Eurovisionworld (på engelsk). 5. mars 2022. Henta 6. mars 2022. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Eurovision France 2022 : portrait d’Alvan & Ahez». L'Eurovision au Quotidien (på fransk). 28. februar 2022. Arkivert frå originalen 5. mars 2022. Henta 6. mars 2022. 
  4. «Eurovision 2022 : Qui est Alvan, originaire de Rennes et candidat pour représenter la France ?». actu.fr (på fransk). Henta 6. mars 2022. 
  5. 5,0 5,1 Camille Allain (27. februar 2022). «Pour « Eurovision France », Alvan et Ahez mixe électro et chant breton». www.20minutes.fr (på fransk). Henta 6. mars 2022. 
  6. «Eurovision 2022 : un groupe breton parmi les douze finalistes français». France 3 Bretagne (på fransk). Henta 6. mars 2022. 
  7. «Alvan & Ahez will represent France in Italy with 'Fulenn' 🇫🇷». Eurovision.tv (på engelsk). 5. mars 2022. Henta 6. mars 2022. 
  8. à 00h18, Par Yves Jaeglé Le 6 mars 2022; À 07h11, Modifié Le 6 Mars 2022 (5. mars 2022). «Eurovision : le groupe Alvan & Ahez représentera la France». leparisien.fr (på fransk). Henta 6. mars 2022. 
  9. «Alvan & Ahez - France - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022. 
  10. NDR. «Alvan & Ahez starten mit "Fulenn" für Frankreich beim ESC 2022». www.eurovision.de (på tysk). Henta 6. mars 2022.