Amadou & Mariam er ein musikalsk duo frå Mali som består av paret Mariam Doumbia (på vokal) (fødd i Bamako den 15. april 1958) og Amadou Bagayoko (gitar og vokal) (fødd i Bamako den 24. oktober 1954). Paret er kjend som «det blinde paret frå Mali» og dei trefte kvarandre på Instituttet for unge blinde i Mali. Her fann dei ut at dei delte ei felles interesse for musikk.

Amadou & Mariam

Mariam Doumbia og Amadou Bagayoko
OpphavBamako i Mali
Aktiv1974–
SjangerAfrikansk blues, Jazz
Instrumentgitar, vokal
PlateselskapBecause Music, Nonesuch Records

Stil endre

Dei første innspelingane til duoen i 1980- og 1990-åra har eit enkelt arrangement med gitar og song. Sidan seint på 1990-talet har Amadou & Mariam produsert musikk som blandar tradisjonell malisk musikk med rockegitar, syrisk fiolin, kubansk trompet, egyptisk ney, colombianske tromboner, indisk tabla og dogonsk perkusjon. I lag har alle desse instrumenta og stilane vorte kalla «afro-blues».

Bakgrunn endre

Mellom 1974 og 1980 spelte Amadou med Les Ambassadeurs du Hotel og i 1980 gifta paret seg og byrja og spele i lag. Amadou heldt samstundes fram solokarrieren sin og dreiv musikkavdelinga til blindeinstituttet.

I 1985 hadde paret vorte kjend ved å spele malisk blues og dei la ut på ein turne i Burkina Faso, og i 1986 flytta dei til Elfenbeinskysten. Her spelte dei inn fleire kasettalbum og til slutt albumet Sou Ni Tile i Paris, som vart ein hit i Frankrike. Frå den tid byrja dei å spele på festivalar rundt om i verda.

I 2003 møtte dei verdsmusikkstjerna Manu Chao, som så produserte albumet deira Dimanche à Bamako («Søndag i Bamako») i 2004.

I 2006 spelte dei i lag med Herbert Grönemeyer den offisielle hymnen til verdsmeisterskapen i fotball, «Celebrate the Day», som vart ein hitt i Tyskland denne sommaren.

Seint i 2008 vart dei inviterte til å spele på Barack Obama sin tiltredingseremoni som president i USA den 20. januar 2009.[1] I november 2008 kom albumet deira Welcome to Mali som vart særs godt teke imot[a 1] og vart rekna som eit av dei aller best albuma i 2008.[a 2]

Kjelder endre

  1. Cigale, Steven. "Amadou et Mariam en concert pour Obama" Arkivert 2008-12-05 ved Wayback Machine., Avatar de stars, 2008-12-01.

Andre kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre