Amerikamanat
Amerikamanat eller lamantin (Trichechus manatus) er ein sjøkuart i manatfamilien. Han vert om lag 3,7–4,6 m lang, har ei vekt på om lag 1 600 kg, og er ein fredeleg planteetar.
Amerikamanat | |
Amerikamanat | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Utbreiinga av amerikamanat | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Sjøkyr Sirenia |
Familie: | Trichechidae |
Slekt: | Manatar Trichechus |
Art: | Amerikamanat T. manatus |
Vitskapleg namn | |
Trichechus manatus |
Amerikamanaten vert på engelsk kalla Caribbean eller West Indian manatee. I 1934 vart det gjort framlegg om at amerikamanaten hadde to underartar. At det faktisk er to underartar, vart slege fast av Domning og Hayek i 1986,[1] på grunnlag av skilnader i skjeletta, særleg skallane. Floridamanaten (T. m. latirostris) lever i Florida i USA, i tillegg sporadisk frå Texas til Virginia. Antillmanaten (T. m. manatus) lever frå nord på atlanterhavskysten i Mexico til Bahia i Brasil, og på dei karibiske øyane. Floridastraumen mellom Florida og Cuba skil dei to underartane. Amerikamanatane er i fleire område truga av utrydding.
Kjelder
endre- «Amerikamanat» hjå Store norske leksikon, innhenta 16. april 2010 (lisensiert under CC-BY-SA).
Fotnotar
endre- ↑ Domning, DP og LC Hayek. Interspecific and intraspecific morphological variation in manatees (Sirenia:Trichecus). Marine Mammal Science 2(2):87-144.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) amerikamanat – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) amerikamanat i Encyclopedia of Life
- (en) amerikamanat i Global Biodiversity Information Facility
- (en) amerikamanat hos Fossilworks
- (en) amerikamanat hos ITIS
- (en) amerikamanat hos NCBI
- (en) Kategori:Trichechus manatus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Trichechus manatus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Trichechus manatus – detaljert informasjon på Wikispecies