Sjøkyr

pattedyrorden
(Omdirigert frå Sjøku)

Sjøkyr er havpattedyr av ordenen Sirenia. Dei planteetande dyra held til i kyststrok rundt Atlanterhavet.

Sjøkyr
Trichechus manatus
Trichechus manatus
Utbreiing
Utbreiinga av sjøkyr
Utbreiinga av sjøkyr
Systematikk
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Ryggradsdyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Sjøkyr Sirenia
Illiger, 1811
Dugongku med kalv.

Ulike sjøkyr

endre
 
Symjande manatar

Ein deler sjøkyrne inn i to familiar, manatar og dugongar. Den største skilnaden mellom dei to familiane er skalleforma, som er meir avrunda hos manatane, og halen, som deler seg i to hos dugongane, men ikkje manatane. Manatane er òg noko meir enn straumlinjeforma enn dei runde dugongane.

  • Manatfamilien (Trichechidae)
    • Amazonmanat (Trichechus inunguis)
    • Amerikamanat (Trichechus manatus)
    • Senegalmanat (Trichechus senegalensis)

Utsjånad og levevis

endre
 
Teikning av Stellers sjøku, som nå er utdøydd.

Sjøkyrne har tilpassa seg livet i havet. Lemmane deira har utvikla seg til årer dei kan padla seg rundt med, men armane kan òg brukast til å «gå» langs botnen og til å bevega mat mot munnen deira. Dyra har få tenner og mykje kroppsfeitt, og brystvortene sit under armane deira. Dei er gråfarga, og kan gjerne sjå ut som store steinar når dei ligg på botnen av hav eller vatn.

Dei finst i både salt- og ferskvatn. Ein trur at manatane av og til må ha tilgang på ferskvatn, men at dugongane kan skilja ut salt i nyrene slik at dei klarar seg med berre saltvatn.

Dyra held til under vatn det meste av tida, der dei et eller kviler. Dei må likevel opp til overflata og pusta om lag kvart femtande minutt. Sjøkyrne flyt då rett opp til overflata, dreg pusten, og søkk ned igjen. Tunge bein utan beinmarg, som kan gjera dei lettare, gjer at dei kan halda seg på botnen utan plagsam oppdrift.

Utvikling

endre

Ein trur at sjøkyrne utvikla seg for om lag femtifem millionar år sidan rundt Amazonas i Sør-Amerika. Dei stammar truleg frå små hovdyr, og dei næraste nolevande slektningane deira er elefantar og asiatiske fjellgrevlingar.

Sirener

endre
 
To amerikamanatar

Klumpete og rare som dyra er, er det kanskje underleg at dei har fått det vitskaplege namnet Sirenia, som er det same ordet som sirene eller havfrue. Men både Columbus og den franske presten Père Labat skildrar havfruer som rett nok ikkje er like vakre som legendene seier, men som lever i sjøen og har menneskelege trekk, som armar og bryst. Det desse oppdagarane såg var truleg manatar og dugongar.

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sjøkyr