Confederate States of America
Confederate States of America (CSA), Dei konfødererte statane av Amerika, var ein konføderasjon skipa av tidlegare delstatar i Sambandsstatane (USA). I kortform vert statsdanninga omtala som konføderasjonen, Dixie eller berre som sørstatane. Etter at Abraham Lincoln vart vald til president i USA hausten 1860 frykta mange statar i sør at dei føderale styresmaktene i USA ville legge ned forbod mot slaveri. Som ein reaksjon frå dette valde sju delstatar (Sør Carolina, Mississippi, Florida, Alabama, Georgia, Louisiana og Texas) å erklære seg som uavhengige frå USA og danna Dei konfødererte statane. President Lincoln såg på fråtredinga frå Unionen som brot på den føderale grunnlova og sette i gang ein rekruteringsprosess der det vart rekrutert 75,000 frivilljuge soldatar til unionshæren som skulle sendast sørover for å slå ned på det Lincoln såg på som eit opprør. Som ein reaksjon på dette valde fire nye delstatar (Virginia, Arkansas, Nord Carolina og Tennessee) å gå over til Konføderasjonen. Jefferson Davis vart utpeika til å vera president for konføderasjonen. Slik vart Borgarkrigen i USA utløyst.
Confederate States of America Amerikas konfødererte stater | |||||||||||||||||||||
Ikke anerkjent stat | |||||||||||||||||||||
| |||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Motto Deo vindice (latin) «Under Gud, vår forsvarar» | |||||||||||||||||||||
Confederate States of America i 1862. Lysegrøn viser krav lagt fram av konføderatane, den litt mørkare fargen er statar som braut med dei konfødererte statane og blei med i unionen igjen (Vest-Virginia). Blågrøn er indianerterritoria som ikkje skreiv avtale med konføderatane. | |||||||||||||||||||||
Hovudstad | Montgomery (fram til 29. mai 1861) Richmond | ||||||||||||||||||||
Poltisk struktur | Ikke anerkjent stat | ||||||||||||||||||||
President | |||||||||||||||||||||
- 1861–1865 | Jefferson Davis | ||||||||||||||||||||
Visepresident | |||||||||||||||||||||
- 1861–1865 | Alexander Stephens | ||||||||||||||||||||
Lovgjevande forsamling | Kongressen | ||||||||||||||||||||
- Overhus | Senatet | ||||||||||||||||||||
- Underhus | House of Representatives («Representantenes hus») | ||||||||||||||||||||
Historisk periode | Den amerikanske borgerkrigen | ||||||||||||||||||||
- Danninga av dei konfødererte statane | 4. februar 1861 | ||||||||||||||||||||
- Grunnlov | 11. mars 1861 | ||||||||||||||||||||
- Slaget ved Fort Sumter | 12. april 1861 | ||||||||||||||||||||
- Omleiringa av Vicksburg | 18. mai 1863 | ||||||||||||||||||||
- Militæret kollapsa | 9. april 1865 | ||||||||||||||||||||
- Den siste hærstyrken overgav seg | 5. mai 1865 | ||||||||||||||||||||
Areal | |||||||||||||||||||||
- 1860 | 1 995 392 km² | ||||||||||||||||||||
Innbyggjarar | |||||||||||||||||||||
- 1860 est. | 9 103 332 | ||||||||||||||||||||
Folketettleik | 4,6 /km² | ||||||||||||||||||||
| |||||||||||||||||||||
I dag ein del av | USA |