Tempelsvale

art av sporvefuglar
(Omdirigert frå Amursvale)

Tempelsvale (Cecropis daurica), tidlegare amursvale,[1] er ein art av små svaler som hekkar i opent, kupert landskap i det tempererte Sør-Europa og Asia, frå Portugal og Spania austover til India og Japan, dessutan tropiske Afrika. Dei indiske og afrikanske fuglane er standfuglar, mens dei europeiske og andre asiatiske fuglar er trekkfuglar. Overvintringsplassane ligg i Afrika og India og streiffuglar dreg til Christmasøya og det nordlege Australia.

Amursvale
Amursvale
Amursvale
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av amursvale
Utbreiinga av amursvale
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Svalefamilien Hirundinidae
Slekt: Cecropis
Art: Amursvale C. daurica
Vitskapleg namn
Cecropis daurica

Tempelsvala liknar andre svaler i levemåte og utsjånad og minner om seglarar som til likskap med svaler beitar insekt i flukt. Tempelsvala liknar spesielt låvesvala, men er mindre, ca. 14 til 19 cm, har mørkare underside med diffuse striper,[2] og dei har lys eller raudleg overgump, ansikt og nakkekrage. Ho manglar brystband, men har svarte stjertspyd, noko kortare enn hos låvesvala. Dei har breie, men spisse venger og er raske flygarar, dei slår til mot insekt medan dei flyg.

Reiret er ein halvkuleforma konstruksjon av gjørme som tempelsvala har samla med nebbet. Det har sideinngang gjennom ein mura tunell. Vanlegvis ligg reiret under overheng i fjellsider, men fuglane tilpassar seg bygningar og bruer. Kullet er på tre til seks egg.

Normalt dannar ikkje tempelsvala store hekkekoloniar, men dei er selskaplege utanfor hekkesesongen. Til dømes kan ein sjå mange hundre i flokk over sletteland i India.

Tempelsvala er ein sjeldan gjest i Noreg i mai og juni.[2]

Cecropis daurica

Kjelder

endre
Referansar
  1. «tempelsvale Cecropis daurica (Laxmann, 1769)». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2025. 
  2. 2,0 2,1 Svensson, Lars (1999). Gyldendals store fugleguide. Oslo: Gyldendal fakta. s. 242. ISBN 8205255547. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Tempelsvale