Christmasøya
Christmasøya, engelsk Christmas Island, er ei øy i Indiahavet som ligg om lag 500 kilometer sør for Indonesia. Øya utgjer eit australsk territorium. Arealet er 135 km² og folketalet 1493 (2006). Om lag 70 % av folket er av kinesisk opphav, 20 % europearar og 10 % malayar. Øya var ikkje folkesett då eit britisk skip vitja øya i 1688. I 1888 vart Christmasøya annektert av Storbritannia, då det vart oppdaga fosfatførekomstar her. Øya vart administrert frå Singapore. Under den andre verdskrigen vart øya okkupert av Japan. På 1950-talet vart øya overført til australsk administrasjon.
Flagg | |
Status | Australsk territorium |
---|---|
Shire President | Gordon Thomson |
Hovudstad | Flying Fish Cove |
Offisielt språk | Engelsk |
Areal - % vatn |
135 km² ubetydeleg |
Folketal - totalt |
ca. 1493 (2006) |
Verdsdel | Asia |
Internet-domene | .cx |
Tidssone | UTC +07:00 |
Internasjonal telefonkode | +61 |
Nasjonalsong |