Narrmarihand
Narrmarihand | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Anacamptis | ||
Art: | A. morio | ||
Vitskapleg namn | |||
Anacamptis morio
(Linné) R.M.Bateman, Pridgeon & M.W.Chase
| |||
Økologi | |||
Habitat: | havnær grasmark | ||
Utbreiing: | Europa, vestlege Asia, nordlege Afrika |
Narrmarihand (Anacamptis morio) er ei plante i narrmarihandslekta Anacamptis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Utsjånad
endreNarrmarihand kan bli opp mot 30 centimeter høg og har eit lite aks med fiolettfarga blomar, som har ei stor og brei, tredelt leppe. Eit kjennemerke på arten er dei stripete teikningane på dei to kronblada som danner «øyrene» på blomen.
Systematikk
endreNarrmarihand var tidlegare knytt til vårmarihandslekta Orchis med namnet Orchis morio,[2] men er, saman med fleire andre artar, flytta til slekta Anacamptis.[3][4][5]
Utbreiing
endreI Nord-Europa er narrmarihand bunden til grasmark nær havet. I sørlegare område kan han òg vekse på grasmark i høgareliggjande område. I Noreg veks han berre i eit lite område mellom Grimstad og Lillesand, og aldri mange meter frå havet.[6] Narrmarihand er freda,[7] og er på Norsk raudliste for artar oppgradert i 2021 frå sterkt truga til kritisk truga (CR).[8]
Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn göknycklar)[9] og i Danmark (NT, dansk namn salepgøgeurt).[10]
Narrmarihand (engelsk namn green-winged orchid) veks spreidd over det meste av Dei britiske øyane, vanlegast i søraust. I den britiske raudlista har arten status som nær truga (NT).[11] Lokalt er han rekna som sårbar (VU) i England,[12] nær truga (NT) i Skottland[13] og livskraftig (LC) i Wales.[14] I den irske raudlista har arten status som sårbar (VU).[15]
I Estland (estisk namn arukäpp) veks narrmarihand spreidd vest på Saaremaa og er rekna som sterkt truga (EN).[16] I Latvia (latvisk namn zalkšu dzegužpuķe)[17] er arten svært sjeldan og finst berre som einskildindivid og i små grupper nær kysten. På den latviske raudlista er han klassifisert som sterkt truga (kategori 1 – draud iznīkšana).[18] I Litauen (litauisk namn mažasis anakamptis) har arten vore funne spreidd over heile landet, men er i sterk tilbakegang og er no rekna som kritisk truga (CR).[19][20]
I Benelux var arten (nederlandsk namn harlekijn, fransk namn orchis bouffon) tidlegare å finne spreidd over det meste av Nederland, men er i svært sterk tilbakegang. Han er no sjeldan på dei vestfrisiske øyane og svært sjeldan nær kysten i sørvest og i Limburg. I Flandern i Belgia har han truleg no berre ein veksestad i innlandet og var sist registrert i sanddyneområdet ved kysten i 1980. I Vallonia er han svært sjeldan i kalksteinsområdet Famenne i sør.[21][22] I den nederlandske raudlista er arten rekna som sterkt truga (EN, bedreigd).[23] I Belgia er han (som Orchis morio) rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd) i Flandern og sterkt truga (EN, en danger) i Vallonia.[24][25] I Luxembourg er han (som Orchis morio) rekna som sterkt truga (EN).[26]
Hybridar
endrePå Dei britiske øyane er det påvist at narrmarihand kan danne hybridar med Anacamptis laxiflora (Anacamptis laxiflora × morio, òg kalla Anacamptis ×alata).[27] Hybriden er påvist på Jersey og Guernsey.[28]
Narrmarihand kan òg danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med vårmarihand (Anacamptis morio × Orchis mascula eller ×Anacamptorchis moriorides).[29] Hybriden er observert sporadisk i England og Wales,[28] medan det er uvisst om ei registrering i Småland i Sverige er reell.[30] I Nederland var det kring 1920 nokre funn av hybriden med nominatunderarten av kongsmarihand (Anacamptis morio × Dactylorhiza majalis ssp. majalis eller ×Dactylocamptis boudieri).[31][32]
Referansar
endre- ↑ «Artsdatabanken: Artsopplysningar narrmarihand». Artsdatabanken. Henta 27. februar 2022.
- ↑ Johannes Lid og Dagny Tande Lid (1994). Norsk flora (6. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 726. ISBN 82-521-3754-7.
- ↑ Johannes Lid og Dagny Tande Lid (2005). Norsk flora (7. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 908. ISBN 978-82-521-6029-1.
- ↑ Horst Kretzschmar, Wolfgang Eccarius, Helga Dietrich (2007). The Orchid Genera Anacamptis, Orchis and Neotinea. Albersdorf, Tyskland: EchinoMedia. ISBN 978-3937107127.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre narrmarihand». Artsdatabanken. Henta 27. februar 2022.
- ↑ «Artskart: Narrmarihand, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 27. februar 2022.
- ↑ «Forskrift om fredning av truede arter». Lovdata. 21. desember 2001. Henta 27. februar 2022.
- ↑ «Raudlista: Narrmarihand». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 27. februar 2022.
- ↑ «Artfakta: Anacamptis morio göknycklar». Artdatabanken. Henta 7. mars 2022.
- ↑ «Naturbasen: Salepgøgeurt Anacamptis morio». Naturbasen. Henta 7. mars 2022.
- ↑ «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «eElurikkus: Anacamptis morio» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 3. februar 2023.
- ↑ «Latvijas daba: zalkšu dzegužpuķe» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 3. februar 2023.
- ↑ Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 3. februar 2023.
- ↑ Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 52-53. ISBN 9986-662-28-1. Henta 3. februar 2023.
- ↑ Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 393. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 3. februar 2023.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Anacamptis morio». FLORON. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Verspreidingskaart: Harlekijn – Anacamptis morio». Waarnemingen.be. Henta 18. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «PoWO: Anacamptis × alata». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023.
- ↑ 28,0 28,1 Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9.
- ↑ «PoWO: × Anacamptorchis morioides». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023.
- ↑ «Artfakta naturvård: Anacamptis morio x Orchis mascula göknycklar x Sankt Pers nycklar». Artdatabanken. Henta 25. januar 2023.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylocamptis boudieri (×)». FLORON. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «PoWO: × Dactylocamptis boudieri ». Plants of the World Online. Henta 15. januar 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) narrmarihand hos Artsdatabanken
- (en) narrmarihand i Encyclopedia of Life
- (en) narrmarihand i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) narrmarihand hos Dyntaxa
- (en) narrmarihand hos NCBI
- (en) narrmarihand hos The International Plant Names Index
- (en) Kategori:Anacamptis morio – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Anacamptis morio – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Anacamptis morio – detaljert informasjon på Wikispecies