Anastasia Lapsui
Anastasia Lapsui (fødd 1944) er ein nenetsisk filmregissør busett i Finland.
Anastasia Lapsui | |||
| |||
Fødd | 1944 (80 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Jamalo-Nenetsk | ||
Verka som | filmregissør, journalist, Korrespondent, manusforfattar | ||
Ektefelle | Markku Lehmuskallio | ||
Prisar | Finlands nasjonalpris |
Biografi
endreAnastasia Lapsui kjem frå Nida i Jamalo-Nenetsk i dagens Russland. Som nenetsar snakkar ho nenetsisk, eit finsk-ugrisk språk. Lapsui studerte ved universitetet i Sverdlovsk, og jobba deretter som journalist, i aviser og radio.[1] I 1993 flytte ho til Finland, og har no base i Helsingfors.
Ho debuterte innan filmindustrien allereie i 1993. Særleg har ho vorte kjend i samarbeid med den finske filmregissøren Markku Lehmuskallio. Dei to har spesialisert seg innan filmar om urfolk, og har m.a. laga film om urfolk i Sibir, Grønland, og Nord-Canada, og om nenetsarar og samar.[2] Dei starta å vinna merksemd med filmen Sju sångar frå tundraen (2000), og vann Amandaprisen for denne i klassen beste nordiske kinofilm same året. Filmen vann også den finske Jussi-statuetten i kategorien Beste film i 2001.[3]
Filmografi
endre(utval)
- Anna (1997)
- Sju sångar frå tundraen (2000)
- Livets mødre (2002)
- A Bride of the Seventh Heaven (2003)
- Saamelainen (2006)
- Sukunsa viimeinen (2010)
Kjelder
endre- Finsk Wikipedia om Anastasia Lapsui, henta inn 27. november 2011.
- Profil på Filmweb.no
- Profil på Imdb.com
Fotnotar
endre- ↑ Nativenetworks.si om Lapsui, arkivert frå originalen 10. juni 2007, henta 27. november 2011
- ↑ Cinematheque: A tribute to Anastasia Lapsui and Markku Lehmuskallio
- ↑ Nativenetworks.si Om Lapsui Arkivert 2007-06-10 ved Wayback Machine. ved nativenetworks.si.edu