Anders Buen

norsk journalist, redaktør og politikar
(Omdirigert frå Anders Johnsen Buen)

Anders Johnsen Buen (24. februar 186417. juli 1933) var ein norsk politikar frå Gransherad i Telemark. Han var typograf og sidan journalist, og vart redaktør av Social-Demokraten, hovudorganet til Arbeidarpartiet, frå 1900 til 1903. Etterpå vart han redaktør av arbeidaravisa Ny Tid i Trondheim.

Anders Buen

Fødd24. februar 1864
Jondalen
Død17. juli 1933 (69 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti (1921; 1927)
Yrkepolitikar, bankier, journalist, redaktør, fagforeiningsleiar, typograf
Alle verv

Buen var stortingsmann frå 1906 til 1921. Han var parlamentarisk leiar for Arbeidarpartigruppa frå 1915 til partiet vart kløyvd i 1921. Då vart han leiar for stortingsgruppa til Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti, som vart skipa det året. Han redigerte også avisa Trøndelag Socialdemokrat i dei åra NSA eksisterte, frå 1921 til 1927. Denne avisa gjekk då opp i Arbeideravisa.

Buen var i desse åra ein sterk motstandar av den radikale fløya i Arbeidarpartiet som var leidd av Martin Tranmæl. Buen var ein klart reformistisk sosialist. Han støtta Gunnar Knudsen si Venstre-regjering mot Høgre, mellom anna under striden om rettskrivingsreforma av 1917.

Kjelder

endre