Anders T. Noddeland
Anders Tjøstolvsen Noddeland (8. januar 1885–22. mai 1960) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Austre Moland i Aust-Agder.
Anders T. Noddeland | |||
Fødd | 8. januar 1885 | ||
---|---|---|---|
Død | 22. mai 1960 (75 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Noddeland utdanna seg ved landbruksskulen i Fjære skulevinteren 1904/05. Elles arbeidde han heime på farsgarden heime i Austre Moland. Frå 1918 dreiv han farsgarden til 1954. Året etter han tok over garden vart Noddeland vald inn i heradsstyret i Austre Moland, ordførar 1923-39. Perioden 1935-39 var han også formann i fylkestinget i Aust-Agder. Han var elles fylkesrevisor frå 1926 til 1942 og deretter fullmektig i fylket til 1945. Etter andre verdskrigen var han formann i Aust-Agder landbruksselskap til 1954 og formann i styret for landbruksskulane i Aust-Agder til 1955.
Noddeland var stortingsrepresentant frå Aust-Agder og for partiet Venstre frå hausten 1945 og ut 1949. Han var medlem i Kommunalkomiteen.