André N. Skjelstad

norsk politikar

André Nikolai Skjelstad (fødd 27. august 1965 i Trondheim) er ein norsk politikar (Venstre). Han var stortingsrepresentant for Nord-Trøndelag frå 2005 til 2009 og frå 2013.

André N. Skjelstad

André N. Skjelstad
Foto: Jo Straube / Venstre
Fødd27. august 1965 (58 år)
Trondheim
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Skjelstad er fødd i Trondheim og oppvaksen på Verrastranda i Verran kommune, der han er gardbrukar. Han har utdanning frå forsvaret og landbruksfagleg utdanning. Sidan 1995 sit han i kommunestyret i Verran. Sidan 2001 er han leiar for Nord-Trøndelag Venstre. I 2005 vart han vald inn på Stortinget på utjamningsmandat frå Nord-Trøndelag, og sat i Arbeids- og sosialkomiteen fram til han tapte attval i 2009. Skjelstad vart på ny stortingsrepresentant i 2013.

Skjelstad er gift og har fire born.

Kjelder endre

  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.