André N. Skjelstad
norsk politikar
(Omdirigert frå André Nikolai Skjelstad)
André Nikolai Skjelstad (fødd 27. august 1965 i Trondheim) er ein norsk politikar (Venstre). Han var stortingsrepresentant for Nord-Trøndelag frå 2005 til 2009 og frå 2013.
André N. Skjelstad | |||
André N. Skjelstad Foto: Jo Straube / Venstre | |||
Fødd | 27. august 1965 (59 år) Trondheim | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Alle verv |
|
Skjelstad er fødd i Trondheim og oppvaksen på Verrastranda i Verran kommune, der han er gardbrukar. Han har utdanning frå forsvaret og landbruksfagleg utdanning. Sidan 1995 sit han i kommunestyret i Verran. Sidan 2001 er han leiar for Nord-Trøndelag Venstre. I 2005 vart han vald inn på Stortinget på utjamningsmandat frå Nord-Trøndelag, og sat i Arbeids- og sosialkomiteen fram til han tapte attval i 2009. Skjelstad vart på ny stortingsrepresentant i 2013.
Skjelstad er gift og har fire born.