André Ventura

portugisisk politikar

André Claro Amaral Ventura (fødd 15. januar 1983)[1][2] er ein portugisisk politikar, jurist, universitetslærar og tidlegare sportskommentator, som er grunnleggjar og leiar av det høgrepopulistiske partiet Chega.

André Ventura

Fødd15. januar 1983 (41 år)
Algueirão-Mem Martins
Statsborgar avPortugal
PartiChega (2018)
Yrkepolitikar
InstitusjonarUniversidade Nova de Lisboa
Utdanna vedUniversidade Nova de Lisboa
Alle verv
  • medlem av Portugals parlament (2019–2022) Sjå dette på Wikidata

Ventura var medlem av det sentrum-høgre Partido Social Democrata (PSD) fram til 2018, og var valkandidaten til partiet for å verta borgarmeister i Loures i 2017. Han grunnla det politiske partiet Chega i april 2019, og vart seks månader seinare vald inn i det portugisiske parlamentet ved valet i oktober 2019. I 2021 var han ein av valkandidatane ved presidentvalet i Portugal, og kom på tredjeplass med 11,9 % av røystene.

Bakgrunn

endre

Ventura er son til ein eigar av ein liten lokal sykkelbutikk,[3] og ein kontorarbeidar. Han vart fødd i Algueirão, Sintra, ein forstad i Lisboa. Ventura vart ikkje oppdratt med ein religion for di foreldra hans ville at han skulle velja sin eigen.[4] Då han var 14 år, vart han ein ivrig katolikk, og vart døypt og konfirmert. Han ville verta prest og gjekk på ein presteskule i Lisboa, men sa at han ikkje heldt fram for di han vart forelska.[4][5] Han fullførte ein grad frå lovfakultet ved NOVA Universitetet i Lisboa, med ein karakter på 19 av 20.[6]

I 2013 fullførte han doktorgraden sin i offentleg rett frå lovfakultet ved University College Cork i Irland, med ein stipend frå den portugisiske nasjonale vitskapsstiftinga. I avhandlinga si kritiserte han «kriminell populisme» og «stigmatisering av minoritetar» og var uroleg for «meir makt til politiet».[7][8] I eit intervju i 2019 med Diário de Notícias som adresserte dei tilsynelatande motsetnadene mellom dei spurdagane som vart gjevne i doktorgradsprosjektet hans og dei seinare politiske synspunkta hans, sa Ventura at han «aldri har gjort ein skilnad mellom vitskap og meining» og kalla avhandlinga si ein«vitskapleg analyse, ikkje ideologisk postulat».[9]

Han publiserte to romanar, Montenegro i 2008, og A Última Madrugada do Islão ('Den siste morgonen av islam') i 2009, begge med tydelege element av kvinneleg undergjeving og homoerotisme.[10][11] I Montenegro vert ordet intifada nytta fire gonger: tre gonger som ein metafor for styrke og mot, og ein gong når det vert omtalt som den seksuelle penetrasjonen.[10] Utgjevinga av A Última Madrugada do Islão, ei roman om døden til Yasir Arafat, vart avbrote av forlaget Chiado Editora, for «brannpotensialet», for referansane til Muhammed og leiarane til Den palestinske frigjeringsorganisasjonen.[12]

Karriere

endre

Ventura underviste ved Universidade Autónoma de Lisboa frå 2013 til 2019, og ved NOVA frå 2016 til 2018.[13] Han var konsulent ved Caiado Guerreiro, eit framtredande portugisisk advokatbyrå,[14] frå 2018 til 2019. Han hadde òg innlegg i Correio da Manhã, den mest lesne dagsavisa i landet[15] og var fotballkommentator på fjernsynskanalen CMTV, frå 2014 til 2020.[16] Han har òg vore jurist-konsulent for den portugisiske skatteetaten (AT), frå 2011 til 2014.[17]

Den 9. april 2019 grunnla Ventrua det politiske partiet Chega, og tre dagar seinare vart han medlem av Basta!-koalisjonen for valet til Europaparlamentet i 2019. Dei var ikkje i stand til å velja ein parlamentsmedlem, og koalisjonen vart løyst opp den 30. juli 2019. Han kjempa i det portugisiske parlamentsvalet i 2019 som hovudkandidaten på valslista til partiet Chega for Lisboa; han var den fyrste og einaste medlemen av partiet som vart vald til parlamentet.[18][4]

Medlem av parlamentet

endre
 
Ventura i det portugisiske parlamentet.

André Ventura vart vald til medlem av det portugisiske parlamentet for valkrinsen Lisboa. Han hevdar å vera «røysta til folket» og ein «anti-systempolitikar». I september 2020 presenterte han eit forslag om å redusera talet på parlamentsete frå 230 til 100, som var grunnlovsstridig ifylgje Komiteen for konstitusjonelle saker, rettar, fridomar og garantiar.[19] I januar 2020 føreslo han ein nedgang på 5 til 7,5 % i lønene til parlamentsmedlemene.[20]

Han provoserte fram eit ramaskrik i parlamentet i januar 2020 då han føreslo at Joacine Katar Moreira, ein parlamentsmedlem fødd i Guinea Bissau som meinte museobjekt frå dei tidlegare koloniane i Portugal skulle verta returnerte, at ho måtte på ein liknande måte verta «returnert til sitt opphavsland». På landsmøtet til Chega-partiet i 2020 kom Ventura med eit framlegg der det vart kravt at eggstokkar skulle fjernast frå kvinner som tok abort. På grunn av protestar bad han seinare om at dette framlegget skulle leggjast til sides.[21]

I november 2020 vart han bøtelagd over 400 euro for diskriminering mot sigøynarsamfunn. I desember, det same året var han nøydd til å betala 3 370 euro for etnisk diskriminering i form av trakassering. Ventura fortalde seinare at han ikkje ville betala bøtene: «for å avgrensa ytringsfridomen til ein borgar (...) og ein politisk leiar».[22][23][24]

Presidentkampanje i 2021

endre
 
Ventura talar under på dagen ved presidentvalet i 2021.

Februar 2020 kunngjorde Ventura i Portalegre at han stilte som presidentkandidat ved valet i 2021.[25][26]

Den 18. desember 2020 gav Ventura 10 250 underskrifter frå tilhengjarane til godkjenning hjå den konstitusjonelle domstolen, som lova kravde for å formalisera kandidaturet hans til Belém palasset.[27] Den 30. desember vart kandidaturet hans formelt akseptert av domstolen.[28]

I byrjinga av valkampanjen, stadfesta leiaren av det franske partiet Rassemblement national, Marine Le Pen, at ho ville fara til Lisboa for å støtta presidentkandidaturet til Ventura.[29]

Ventura kom på tredje plass med 11,9 % av røystene, bak Marcelo Rebelo de Sousa (60,7 %) og Ana Gomes (12,9 %).[30]

Politisk ideologi

endre
 
Den spanske partileiaren for Vox, Santiago Abascal, og Chega-leiaren André Ventura i Lisboa, 2021.

Ventura har uttrykt kontroversielle synspunkt i fortida, medan det meste av internasjonale media har referert til ideologien hans som sterkt høgre-orientert.[31][32][33][34]

Ventura sine kommentarar om romanifolk er ofte skildra som rasistiske og xenofobiske.[35][36] Ved å verta samanlikna negativt med Donald Trump og Jair Bolsonaro, svarte Ventura: «Eg er allereie veldig vant til det og det uroar meg ikkje. Dette er idéane eg trur på. I tillegg til livsvarig fengsel og kjemisk kastrering, forsvarer eg òg ein reduksjon av islamsk migrasjon, særleg frå land kjent for terrorisme».[4]

Ventura støttar nokre rettar for homofile, men han trur at par av same kjønn skal vera i sivil partnarskap og ikkje ekteskap.[4] Han er personleg imot abort, men vil ikkje at prosedyren skal verta kriminalisert.[4] Han støttar legalisering og regulering av prostitusjon som ein måte å verna og integrera seksarbeidar på, og trur at den portugisiske politikken om avkriminalisering av narkotiske stoff aukar narkotikahandelen.[4] Han er personleg imot tyrefekting, men motsvarar ei avskaffing no på grunn av den økonomiske rolla ho spelar inn i nokre byar.[4]

Han har tala med ovundring for Mariano Rajoy, den konservative, tidlegare statsministeren i Spania.[4] Ventura underteikna Carta de Madrid, eit dokument utarbeidd av det spanske partiet Vox som skildrar langt venstreorienterte grupper som fiendar til Iberoamerika som er involvert i eit «kriminelt prosjekt» som er «under paraplyen til det cubanske regimet».[37] Den 24. februar 2022 suspenderte Twitterkontoen til Ventura permanent for å ha brote reglane for det sosiale nettverket i samband med «å ha spreia hat».[38] Kort tid etter vart suspensjonen oppheva.[39]

Kjelder

endre
  1. «André Ventura: Quis ser padre e escreveu romances homoeróticos» (på portugisisk). Henta 11. oktober 2019. 
  2. Dados biográficos no site da Assembleia da República
  3. «André Ventura: o brilho fosco da ambição» (på portugisisk). SIC Notícias. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 4,8 «Especial: André Ventura. 'Sou contra o aborto mas nunca condenaria uma mulher que aborta'». Henta 12. juli 2022. 
  5. «Ciganos, imigrantes e prisões. O que diz André Ventura» (på portugisisk). 
  6. «Goucha – 7 de janeiro de 2021» (på portugisisk). 
  7. «Tese de doutoramento de André Ventura critica "populismo penal" e "estigmatização de minorias"» (på portugisisk). 
  8. «CEDIS | André Ventura» (på portugisisk). Arkivert frå originalen 13. januar 2021. Henta 12. januar 2021. 
  9. Câncio, Fernanda (2. november 2019). «"A minha tese é ciência, sempre distingui a parte opinativa da parte científica"» [My thesis is science, I have always distinguished between opinion and science]. Diário de Notícias (på portugisisk). Henta 14. februar 2021. 
  10. 10,0 10,1 Alves, Marco (30. desember 2019). «O erotismo punitivo e homossexual em André Ventura» [The punitive and homosexual eroticism in André Ventura]. Sábado (på portugisisk). Henta 14. februar 2021. 
  11. Alves, Marco (25. februar 2020). «Gays, mulheres submissas e SIDA: os livros de André Ventura» [Gays, submissive women and AIDS: the books by André Ventura]. Sábado (på portugisisk). Henta 14. februar 2021. 
  12. Monteiro, Sara Beatriz. «André Ventura: O político que é mais conhecido por ser comentador desportivo» (på portugisisk). Henta 14. februar 2021. 
  13. «RegInteresses_v3» (på portugisisk). 
  14. ECO. «Progressão de carreira. É assim que um advogado sobe na profissão» (på portugisisk). Henta 9. juni 2023. 
  15. «André Ventura et le CHEGA d'extrême-droite» (på fransk). 
  16. «RegInteresses_v3». 
  17. «André Ventura: "Este Papa tem prestado um mau serviço ao cristianismo"». Arkivert frå originalen 1. november 2020. 
  18. Baptista, Ruben Martins, Sofia Correia. «Extrema-direita chega ao Parlamento. Quem é e o que defende André Ventura?» (på portugisisk). 
  19. Lopes, Maria. «Propostas do Chega para tamanho do Governo e referendo sobre redução de deputados são inconstitucionais» (på portugisisk). 
  20. «André Ventura anuncia que vai propor diminuição de 5 a 7,5% nos salários dos políticos» (på portugisisk). 
  21. «Le Portugal secoué par une vague d'attaques xénophobes». La Croix (på fransk). 30 September 2020. 
  22. «André Ventura multado em mais de 400 euros por discriminar ciganos» (på portugisisk). Rádio Renascença. 
  23. «Ventura condenado a pagar multa de 3370 euros por discriminação étnica, mas diz que não paga» (på portugisisk). 
  24. «"Estamos perante uma perseguição a um líder político". André Ventura recusa pagar multa que lhe foi imposta por discriminação étnica» (på portugisisk). 
  25. Alvarez, Luciano. «André Ventura anuncia candidatura a Presidente da República» (på portugisisk). 
  26. «André Ventura anuncia candidatura à Presidência da República» (på portugisisk). 
  27. «André Ventura formaliza candidatura para "enfrentar o regime" e insiste numa segunda volta» (på portugisisk). 
  28. «Tribunal Constitucional aceita candidatura de Tiago Mayan e André Ventura» (på portugisisk). 
  29. «Presidenciais. André Ventura e Marine Le Pen juntos em Lisboa no início da campanha eleitoral» (på portugisisk). 
  30. «Portugal's centre-right president re-elected but far right gains ground». The Guardian (Agence France-Presse). 25. januar 2021. Henta 27. januar 2021. 
  31. Demony, Catarina (28. januar 2022). «Portugal's abrasive far-right leader tipped for surprise poll gain». Reuters (på engelsk). Henta 2. februar 2022. 
  32. «Portugal votes with far-right football commentator predicted to make gains» (på engelsk). Arkivert frå originalen 7. mai 2022. Henta 2. februar 2022. 
  33. «Splits in left are set to boost far-right TV pundit in Portugal’s snap election» (på engelsk). Henta 2. februar 2022. 
  34. Wise, Peter (26. januar 2022). «Far-right party’s poll gains show Portugal not immune to populism». Financial Times. Henta 2. februar 2022. 
  35. Mia Alberti. «Portugal records surge in racist violence as far right rises» (på engelsk). Henta 2. februar 2022. 
  36. «André Ventura fined for discriminating against gypsies» (på engelsk). Henta 13. juli 2022. 
  37. «Carta de Madrid» (på spansk). Henta 7. desember 2021. 
  38. «Twitter definitively suspends André Ventura's account» (på engelsk). 
  39. Figueiredo, Inês André. «Twitter volta atrás e restabelece conta de André Ventura» (på portugisisk). Henta 2. mai 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: André Ventura