Andrés Segovia

spansk gitarist

Andrés Segovia Torres, 1. Marqués de Salobreña (21. februar 18932. juni 1987), kjend berre som Andrés Segovia, var ein spansk klassisk gitarvirtuos i verdsklasse. Andrés Segovia hadde så stor innverknad på den klassiske gitaren at nær alle klassiske gitaristar i dag er hans elevar, eller elevar av hans elevar.[1][2]

Andrés Segovia

Fødd21. februar 1893
FødestadLinares
Død3. juni 1987 (94 år)
DødsstadMadrid
FødenamnAndrés Segovia Torres
OpphavSpania
Aktiv1908–1987, 1987
Sjangerklassisk musikk
Instrumentklassisk gitar
Verka sommusikkpedagog, komponist, klassisk gitarist
Gift medFrancesca Madriguera i Rodon
BornCarlos Andrés Segovia
Prisarstorkorset av Isabella den katolskes orden, Grammy Lifetime Achievement Award, Léonie Sonnings musikkpris, Royal Philharmonic Societys gullmedalje, Hijo Predilecto de Andalucía, æresdoktor ved Universidad Complutense de Madrid, honorary doctorate of the University of Cadiz, honorary doctorate of the University of Santiago de Compostela, honorary doctorate of the University of Granada, Medalla de Oro al mérito en las Bellas Artes, Ernst von Siemens’ musikkpris, Grand Cross of the Civil Order of Beneficence, Medal of Work Merit, Medal of Work Merit, storkorset av Alfons X den klokes orden, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres

Biografi

endre

Som liten vart Andrés Segovia sendt av garde for å bu hos onkelen og tanta. Onkelen skjønte at guten hadde musikalsk talent og sende han til musikktimar for å lære å spele fiolin. Andrés treivst ikkje med dei strenge metodane til fiolinlæraren, så fiolintimane tok snart slutt. Onkelen bestemte seg no for å flytta til Granada for å skaffa nevøen betre utdanning. Her tok Andrés opp att musikktimane og studerte verk av gitaristane Francisco Tárrega og Fernando Sor.[3] Andrés Segovia var i stor grad sjølvlært, og uttalte seinare at den tidlege musikkutdanning hans var «å vera lærar og elev i same kroppen».[4]

Segovia spela offentleg som gitarist fyrste gongen i Granada i 1909, 16 år gamal. Få år seinare heldt han konsert i Madrid, der han spela Tárrega og eigne transkripsjonar av verk av Johann Sebastian Bach. Han vart stundom kritisert av Tárregas læresveinar for den idiosynkratiske teknikken sin,[5] men heldt utrøytteleg fram som gitarist. Han spela igjen i Madrid in 1912, ved Musikkonservatoriet i Paris i 1915, i Barcelona i 1916, og turnerte rundt i Sør-Amerika i 1919.[6] Segovia steig opp på den internasjonale scena på ei tid då ein gjenoppliva gitaren som konsertinstrument, i stor grad gjennom arbeidet til Miguel Llobet.[7] I denne brytningstida sørga Segovia for å gjera gitaren meir populær igjen gjennom ein kombinasjon av sterk personlegdom og kunstnarskap og teknologiske nyvinningar som lydband, radio og flyreiser.

I 1921 møtte Segovia komponisten Alexandre Tansman i Paris.[8] Tansman skulle seinare skriva ei rekkje gitarverk for Segovia, m.a. Cavatina, som vann ein pris på den internasjonale komposisjonstevlinga i Siena i 1952.[9]

I Granada i 1922 vart han kjend med flamencofestivalen Concurso de Cante Jondo fremja av komponisten Manuel de Falla. Siktemålet med den klassiske Concursoen var å skjerma rein flamenco mot å bli forvrengt av moderne populærmusikk.[10] Segovia hadde allereie utvikla seg som ein fin fortolkar av flamencogitar, men han gjekk no i klassisk retning.[11] Han vart spurt om å opna ConcursoenAlhambra, og spela der Homenaje a Debussy av de Falla.[12]

 
Gitar av Hermann Hauser, 1937, München, Tyskland. Andrés Segovias konsertgitar frå 1937 til 1962. Gåve frå Emilita Segovia, Marquesa de Salobreña, 1986 (1986.353.1). Bevart i Metropolitan Museum of Art.

I 1923 var Segovia i Mexico for fyrste gong. Der vart komponisten Manuel Ponce så imponert over konserten hans at han skreiv konsertmelding i avisa El Universal.[13] Ponce skreiv også mange verk for Segovia seinare, særleg sonater.

I 1924 vitja Segovia den tyske strengeinstrumentmakaren Hermann Hauser sr. etter å ha høyrt nokre av instrumenta han hadde laga, bli traktert på konsert i München. I 1928 gav Hauser Segovia ein av sine personlege gitarar til bruk på turne i Sambandsstatane og andre konsertar inntil vidare. Då Hauser leverte Segovia ein ny gitar på tinging, gav Segovia den gamle Hauser-gitaren til den nære venen sin, den amerikanske politikaren Sophocles Papas. Papas gav han så vidare til sin elev i klassisk gitar, nemleg Charlie Byrd, som seinare brukte han på fleire opptak.

Segovias fyrste USA-turné kom til i 1928 då Fritz Kreisler, den austerrikske fiolinisten som spela gitar i løyndom,[14] overtala F. C. Coppicus frå Metropolitan Musical Bureau til å presentera gitaristen i New York by.[15][16]

Etter debutturnéen i 1928, komponerte Heitor Villa-Lobos det no velkjende verket Douze études (Tolv etuder) og dedikerte dei seinare til Segovia. Villa-Lobos heldt fram med å skriva for Segovia, i tillegg til å sjølv transkribera fleire klassiske verk og gjenoppliva tidlege transkripsjonar av forgjengarar som Tárrega.

 
Andrés Segovia opptrer på "Concerts Ysaye" i Brussel, 15. desember 1932 (Hilda Wiener, 1877-1940)

I 1932 vart Segovia kjend med komponisten Mario Castelnuovo-Tedesco i Venezia.[9] Sidan Castelnuovo-Tedesco ikkje spela gitar, skaffa Segovia han to gitarkomposisjonar til å studera. Castelnuovo-Tedesco komponerte seinare ei lang rekkje verk for gitar, og mange av dei vart dedikerte til Segovia. Concerto Op. 99 frå 1939 var den fyrste gitarkonserten på 1900-talet og vart Castelnuovo-Tedescos siste verk i Italia før han utvandra til Statane. Verket vart urframført av Segovia i Uruguay i 1939.[9]

I 1935 gav han si første offentlege framføring av det musikalsk utfordrande verket Chaconne av Bach. Han flytte så til Montevideo, og spela mange konsertar i Sør-Amerika på tretti- og førtitalet.

Etter andre verdskrigen tok Segovia til å gjera opptak oftare samt å gjera regelmessige turnéar i Europa og USA, noko han heldt fram med dei neste tretti åra. I 1954 vart Fantasía para un gentilhombre (Fantasi for ein herremann) dedikert til Segovia av komponisten Joaquín Rodrigo.[17] I 1958 vann Segovia Grammyprisen for beste instrumentale soloframføring, for opptaket av Segovia Golden Jubilee.[18]

John W. Duarte dedikerte English Suite Op.31 til Segovia og kona hans (Emilia Magdalena del Corral Sancho) ved bryllaupet deira i 1962.[19] Dette var tredje og siste gongen Segovia gifte seg. For sine bidrag til musikk og kunst, vart Segovia gjort adeleg den 24. juni 1981 av Kong Juan Carlos I, som gav Segovia den arvelege tittelen Marqués de Salobreña[20][21] (norsk marki av Salobreña) i den spanske adelen.

Andrés Segovia opptredte heilt til han var langt opp i åra og var dels pensjonert i 70- og 80-åra på Costa del Sol. Det vart laga to filmar om livet hans og det han hadde utretta —ein då han var fylt 75 og ved den andre var han 84. Dei har vorte digitaliserte på ei DVD-plate med tittelen Andrés Segovia — in Portrait. Den siste RCA LP-plata hans (ARL1-1602), Reveries, vart teken opp i Madrid i juni 1977. I 1984 vart det laga ein radioføljetong om Segovia på National Public Radio i USA, med tittelen Segovia! Serien vart teken opp i Spania, Frankrike og USA.

Segovia fekk hjarteinfarkt og døydde i Madrid, 94 år gamal. Han er gravlagt i Casa Museo de Linares, i Andalusia.

Nokre utmerkingar

endre

Kjelder

endre

Fotnotar

endre

Engelsk Wikipedia viste til desse kjeldene:

  1. Tosone, Jim (oktober 2000). Classical guitarists: conversations. McFarland. s. 7. ISBN 978-0-7864-0813-9. Henta 22. juli 2011. 
  2. Garno, Gerard (23. oktober 2002). Ancient Chant and Hymns for Guitar. Mel Bay Publications. s. 26. ISBN 978-0-7866-4952-5. Henta 22 . juli2011. 
  3. Secrets From The Masters (Edited by Don Menn) - (Published by GPI Books) (ISBN 0-87930-260-7) - p237 Segovia-sitat: «....eg hadde ikkje smak for flamenco. Venene mine tok til å leita i privathus og musikkforretningar etter noko som var skrive for gitar. Og så fann dei noko av Sor, Giuliani, Aguado, og nokre småting, gitt ut av Tarrega.»
  4. Secrets From The Masters (Edited by Don Menn) - (Published by GPI Books) (ISBN 0-87930-260-7)
  5. In Memory of Andres Segovia Arkivert 2009-03-05 ved Wayback Machine.; by Vasilios Avraam
  6. Stevenson, Joseph. «Andrés Segovia Biography». Allmusic. 
  7. Phillips, Robert Michael, "The influence of Miguel Llobet on the pedagogy, repertoire, and stature of the guitar in the twentieth century" (2002).
  8. Naxos Guitar Recital: Kulikova, Irina, arkivert frå originalen 30. mars 2012, henta 3. desember 2013 
  9. 9,0 9,1 9,2 Hannu Annala; Heiki Mätlik (15 June 2008). Handbook of Guitar and Lute Composers. Mel Bay Publications. s. 64–. ISBN 978-0-7866-5844-2. Henta 23 July 2011. 
  10. Carol A. Hess, Manuel de Falla and modernism in Spain, 1898-1936 (University of Chicago 2001) at 175.
  11. D. E. Pohlen, Lives and Legends of Flamenco (Madrid 1964, revised 1988) at 73.
  12. Eduardo Molina Fajardo, Manuel de Falla y El "Cante Jondo" (Universidad de Granada 1962; 2d ed. 1998) at 116.
  13. Manuel M. Ponce and the guitar By Corazón Otero, J. D. Roberts; Bold Strummer, 1994; ISBN 0933224850
  14. Music: Frets in MinneapolisJ; Time Magazine; June 29, 1936, arkivert frå originalen 1. januar 2012, henta 3. desember 2013 
  15. Andres Segovia Is Dead At 94; His Crusade Elevated Guitar; by Donal Henahan; The New York Times; June 04, 1987
  16. Andres Segovia, Spanish Guitarist Arkivert 2011-06-28 ved Wayback Machine.; Biography; hosted at Cumpiano.com
  17. Pablo Zinger (August 1999). «MUSIC; A Composer Who Found Strength in an Inner Vision». New York Times. 
  18. Segovia at Grammy.com
  19. Jim Tosone (October 2000). Classical guitarists: conversations. McFarland. s. 31–. ISBN 978-0-7864-0813-9. Henta 23. juli 2011. 
  20. «Marqueses de Salobreña». Geneall.es. 
  21. «An Armory of Famous Musicians». Heraldica.